Tag-Archive for » Byfjellene «

pageEin fin tur på morgonkvisten. 19 km og ingen gangsperr. Det kjem seg :)

 

 

P1000888

Fin grusveg / tursti heile vegen. Her på det smalaste

RunKeeperen tulla seg igjen, så eg måtte legge inn turen manuelt. Men kartet skal stemme :)

Kjempefin tur, ikkje noko ulendt terreng.  Men gud hjelpe meg så seig bakken opp frå Svartediket var. Den slutta jo aldri. Eg trur den virka lenger enn den var sidan eg aldri har gått der før. Men dette er absolutt ein tur eg kjem til å gå mykje :) , men eg kjem nok til veksle på kva veg eg går opp og ned. No skal det no vere lett å finne fram.

 

Total distance: 15948 m
Max elevation: 520 m
Min elevation: 76 m
Total climbing: 1117 m
Total descent: -1117 m
Total Time: 03:19:50
Download

This slideshow requires JavaScript.

Jey, då har eg vore på Rundemanen. Målet var Rundemanen og Blåmanen i dag. Men ikkje visste eg korleis det skulle sjå ut der oppe, og ikkje var det merka (vegen til var merka), så eg var litt i tvil om eg var på dei riktige plassane. Det ser ut som eg har truffet med Rundemanen, men Blåmanen bomma eg på. Men eg kan ikkje ha vore så langt unna. Får sjå om eg finn den rette toppen neste veke.

Turen opp gjekk fint. Det var slakk oppoverbakke frå Fløyen, og ikkje tok det så lang tid heller. Knallsol og fint, og ettersom eg kom meg ut såpass tidleg, så slapp eg å gå i kø oppover. Eg hadde byfjella nesten for meg sjølv :)

Category: Treningsdagbok  Tags: , , , ,  Comments off