Tag-Archive for » Bil «
Hmm, vert det slike prisar i Bergen så skal eg heller vurdere å ta buss. Sjølv om reisetida då vert 2 timar kvar veg
Lurer du på kva du skal gjere i helga? Kvifor ikkje prøve bilgjømsel
Florø forandrer seg aldri
Ny form for motorvarmar :mrgreen: 
Foto: Stian Saur/Nordlys
Eg har (nesten) alltid stemt SV, og dei er framleis eit av dei partia eg har mest sans for. Eg likar og store visjonar, men av og til synast eg at det vert litt for urealistisk. SV vil forby salg av bensin/dieselbil i 2015, fordi dei meinar at teknologien då har kome så langt at dette vert mogleg. Dette skal fremme klimasaken.
Gjelder dette og bruktbilkjøp? I så fall vil ikkje eg ha råd til ny bil dersom eg ikkje får lov til å selge den gamle, og dette trur eg gjeld fleire enn meg. Vi har frå før ein av dei eldste bilparkane i Europa, og det vil ikkje betre seg med dette forslaget.
Kven skal produsere desse bilane, vi har jo ikkje bilprodusentar i Noreg. (Bortsett frå Think , eksisterar dei enno?). Er motivasjonen til å bruke pengar på utvikling av miljøbilar til stades hos bilprodusentane i desse nedgongstidar?
Sjølvsagt er det viktig å få ned klimautslippa i forbindelse med transport. Men det finnast så mange andre moglegheiter som kan gjennomførast på mykje kortare tid.
Her er nokre av mine favorittar.
- Auke vrakpant på bilar.
- Ta vekk skattar og avgiftar på nybilkjøp, og heller skattlegg bruken av bilen hardare. Slik vil vi få ein nyare og meir miljøvenleg bilpark, samstundes som vi kanskje vil tenke oss om til kva vi brukar bilen til.
- I grisgrente strøk, der det berre vil vere to-tre personar på kvar bussavgong, vil det nok framleis løne seg miljømessig at ein køyrar privatbil. Eigne avgiftsordningar for bruk av bil til dei.
- Bygge ut kollektivtransporten i storbyar og på tettstadar slik at det vert eit reelt alternativ. Dersom eg skal ta buss til jobb, vil det ta meg ca to timar kvar veg. Ikkje fordi det er så spesielt langt, men fordi eg må bytte buss to gongar, og vente i ca. 25 min. mellom kvar avgong. Med bil brukar eg ca 35 min kvar veg.
- Gratis kollektivtransport inkludert NSB. For meg er det oftare lettare å ta buss dersom eg berre skal inn til sentrum, eller ein annan plass der eg slepp å skifte buss. Men sidan eg allereide har utgiftar til bil, vert det dyrt 0g i tillegg bruke pengar på buss. Månadskort løner seg ikkje. For ein familie vil dette verte endå meir tydeleg.
Ved å få ein del passasjerar over på tog t.d. mellom Bergen og Oslo, vil ein trenge færre flyavgongar. Og fly forurensar. I dag er det ofte billegare å ta fly enn tog mellom Bergen og Oslo.
- Legg betre tilrette for syklistar, særleg i byar, så ein slepp å sykle med livet som innsats.
- Auke satsinga på forsking og utvikling av ny (miljøvenleg) teknologi og produktar. Det er ein kjent sak at Noreg kan samanliknast med uland når det gjeld import /eksport. Vi eksporterar råvare og importerar ferdigforedla vare, Det er mogleg at det har kome seg dei siste åra, men vi har framleis ein lang veg å gå.
Gjennomsnittlig alder på bilparken i en del land og fylker:
Storbritannia 6,7 år,
Østerrike 7,4 år,
Italia 7,5 år,
Belgia 7,8 år
Frankrike 8,1 år,
Tyskland, begge 8,1 år,
EU gjennomsnitt: 8,6 år,
Portugal 8,6 år,
Oslo 8,6 år,
Danmark 9,1 år,
Sverige 9,4 år,
Hellas 10,1 år,
Norge 10,2 år,
Finland 10,5 år,
Sør-Trøndelag 10,8 år,
Nord-Trøndelag 11,7 år,
Oppland 12,1
Kilder: SSB / Acea
Og no står den trygt i garasjen
Eg veit ikkje kor fornøyd “garasjenaboen” min er, for bilen tok heile plassen. Her er nyebilen min. Den ser mykje finare ut i røynda enn på bileta. Eg skal sjå om eg får tatt nokre skikkelege bilete etter nattevakt i morgon.
Citroen Berlingo 1,4 2007, 6400 km., kr. 99.000, -

Beskrivelse
FLOTT BIL !
Skal selges snarest..
Meget pen og godt holdt Berlingo. Bilen har kun vært benyttet som bil nr 2 og småkjøring. Derfor lav KM på 6400.
Bilen fremstår som ny.
Bilen hadde service på Citroen verksted(Scanauto i Bergen) ved 5000 KM.
Utstyr
- Hengerfeste
- Lasteholdere/skistativ
- Sommerhjul
- Vinterhjul
- Oppvarmede seter
- Radio/CD
- Sentrallås
- Servostyring
Pris
kr 99 000
Bilen selges med
![]() |
Hjulsett |
To sett hjul
|
|---|
Info
| Salgsform | Bruktbil til salgs |
|---|---|
| Bilen står i | Norge |
| Km.stand | 6400 |
| Årsmodell | 2007 |
| Karosseri | Kasse |
| Avgiftsklasse | Varebil |
| 1. gang reg. | Desember 2007 |
| Sylindervolum | 1.4 |
| Effekt | 75 hk |
| Drivstoff | Bensin |
| Girkasse | Manuell |
| Hjuldrift | Forhjulsdrift |
| Farge | Svart |
| Interiørfarge | grå |
| Antall seter | 2 |
| Antall eiere | 1 |
|
|
|
Held på å skal kjøpe bil av privatperson, utroleg mykje som skal ordnast og klaffe, særleg når det er pant i bilen. Eg har og begrensa tid til rådigheit, så alt må klaffe på tysdag.
Men når kjøpet er unnagjort har eg forhåpentleg ein bil som ikkje maser seg inn på ein verkstad kvar mnd, og som med ein gong den kjem ut derifrå finner på ein ny ting som skal gå istykker. Tror likevel eg vil savne “gamlebilen” min.
Bilete av det som kanskje vert “nye bilen” min
Legg merke til km-tellaren, 6357 km












2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by