Tag-Archive for » Ashitiani «

19
sep
2010

Eg trur at det å snakke sant, er ein dugleik iranske myndigheiter og iranske ambassadørar ikkje heilt meistrar.

Tidlegare har Iran sin amassadør i Noreg, Seyed Hossein Rezvani, nekta for at nokon har blitt steina i Iran dei siste åra, ein påstand som det er svært vanskeleg å få til å stemme.

No melder Dagbladet at Iran sin president påstår at den dødsdømte kvinnen Sakineh Ashtiani (43) aldri har blitt dømt til døden ved steining. Noko som stemmer heller dårleg med tidlegare utsegn frå iranske tenestemenn.

Og så har vi det at Iran sine myndigheiter ikkje kan sjå at denne saka handlar om menneskerettar, men trur at den handlar om at kriminelle ikkje skal få sin straff.

Ramin Mehmanparast: (Talsmann for det iranske utenriksdepartementet).

– Hvis det å løslate alle som er dømt for mord er å følge menneskerettighetene, så kan de europeiske landene løslate alle drapsmennene de har fengsla.

Kva er dette for noko??? Lider iranske myndigheiter, talspersonar og ambassadørar av ein alvorleg, felles kognitiv svikt???



Det er berre ein ting å sei til dette:

“Mot dumhet kjemper selv gudene forgjeves!”

Sitat av Friedrick von Schiller.

06
jul
2010

…som om det er problemet her.

Iran sin ambassadør, Seyed Hossein Rezvani, synast det var utidig å verte kalla inn på teppet av UD.  Vidare så kallar han nordmenn for “uhøflige”, og er mest opptatt av det.

Dersom Iran sitt styre vil bruke umenneskelege straffemetodar, og dersom dei vil ha eit regime som undertrykker store deler av befolkninga, så må dei faktisk rekne med å få reaksjonar.

I tillegg så avviser han at Sakineh Mohammadie Ashtiani vil bli steina,

Dødsstraff ved steining har ikke forekommet i Iran på flere år, sier Rezvani til VG Nett.

Eg veit ikkje heilt om eg kan tru på han.

Mars 2009, mann steina til døde. I same artikkel, som er skrive i mai 2009, står det at minst 6 menneske har blitt steina til døde sidan 2007. 4 av desse henrettingane er blitt bekrefta av Iranske styresmakter.

Og så over til ei litt meir kjend sak frå 2007:

Til tross for massive protestar frå det internasjonale samfunnet, og til tross for at Iran “avskaffa” steining i 2002,  vart Jafar Keyiani steina for utroskap i 2007. Ikkje av vanlege landsbybebuarar, men av politi og sikkerhetsstyrkar.

Leiter du meir, så finn du sikkert fleire døme på steining i Iran. Eg personleg, orkar ikkje, det er rett og slett for grusamt.

Elles er det merkeleg kor nøye Iranske ambassadørar er med kutymer, mens menneskerettar, det er ei heilt anna sak?

Foto: Iran Human Rights