Tag-Archive for » 2010 «

31
des
2010

2010 – skrekk

Regi: Breck Eisner.

Mange av innbyggarane i ein by vert brått forvandla til morderiske galningar. Vi følgjer eit ektepar og deira næraste vener sin kamp for å overleve. I tillegg til å slost mot dei som er infiserte av viruset, må dei også halde seg skjult for myndigheita. Militæret har stengt av heile området, og avliver alle som er igjen der. Og korleis oppdagar ein om dei andre i gruppa er infisert?

Hm, dette minnar mest om ein zombiefilm. Byrjinga av filmen er vel best. Vi får med oss interneringa av byens innbyggarar, med svært uheldige konsekvensar. Sidan handlar filmen om å vere på flukt, slost litt, sleppe så vidt unna, vere på flukt, slost litt, sleppe så vidt unna osb. Den vart rett og slett litt einformig i handlinga. Eg trur den hadde tent mykje på om vi fekk sjå litt om korleis omverda dekka hendinga. Men bortsett for det var det grei tidtrøyte med høgt bodycount.

Category: Skrekk /grøssar  Tags: , , ,  Comments off
31
des
2010

Action, komedie, parodi? – 2010

Regi: Robert Rodriguez.

Jeahh, dette er ein verkeleg brutal, valdsorgie av ein film, og den fortener i høgste grad 18 års grensa si. Eg kunne nok ha skrive plottet her, men det har faktisk ingenting å sei for sjølve filmen. Her er det absurde valdsituasjonar /scener og sex som gjeld. Filmen er medviten filma som ein dårleg western/detektivserie frå 70 talet, historia er elendig og skodespelarprestasjonane likeså. Og i god gamal detektivseriestil så kaster jentene seg over helten vår, og uansett kor hektisk det vert, så har han alltid tid for litt sex. Dårlege onelines gjer filmen endå meir morosam.

Eg kan ikkje noko for det, men eg likte filmen, eg. Og den passa særleg godt på ein nattevakt, når man er passe trøytt og ler ut av alt. Eg trur ikkje eg ville ha synast den var like god om eg skulle ha sett den åleine heime.

Category: action, Komedie  Tags: , , , , ,  Comments off

Thriller, svensk krim – 2010

Regi: Agneta Fagerström-Olsson

Først så forsvinn ei jente, så ei jente til i frå eit jentekor på turne. Og alt er ikkje så rosenraudt i koret som ein kanskje skulle tru.

Nei, fekk ikkje heilt den store opplevinga av denne filmen. Eg synast at historia var litt for tynn, og ikkje noko godt gjennomført. Mykje rot.

Category: Thriller  Tags: , , ,  Comments off

Thriller, svensk krim – 2010

Regi: Harald Hamrell

Eg hadde aldri trudd at eg skulle betale for å sjå Beck eller Wallander, ikkje fordi at dei er dårlege, men det er liksom filmer som ein ikkje plar å sjå på video. Dei går jo som regel om att og om att på tv, til ein er drittlei dei. Men kva gjer ein ikkje når ein er sjuk, og held på å kjede vettet av seg. Og sidan det er så lite spanande som skjer på filmfronten for tida, så var det faktisk desse filmane valet fall på her om dagen :) Og denne vart eg i alle fall ikkje skuffa over.

Eg trur dette må vere ein av dei beste utav Beck filmane. Her er det action frå byrjan til slutt, og det kjem nye twistar fleire gongar i løpet av filmen.

Filmen byrjar med angrepet på ein kjent statsadvokat. Ho vert seinare funnet  i ei trekiste som er gravd ned i ein sandkasse på ein leikeplass midt i Stockholm. Det viser seg at ho har blitt levande begravd. Spora peikar mot leiaren av ein MC-bande, men etter at han vert dopa og begravd på same måte, så tar etterforskninga ei ny retning. Fleire offer vert funnet i liknande trekister, og Beck må innsjå at dei har å gjere med ein sadistisk seriemordar. Eller har dei det?

Som sagt, her er det action frå byrjan til slutt, og historia har fleire uventa vendingar. Når ein i tillegg etter kvart kjenner dei ulike karakterane i filmen, og dei er godt ivareteke, så vert dette rett og slett berre god underhaldning. Det er ingen tvil om at svenskene kan sin krim B-)

Category: Thriller  Tags: , , ,  Comments off

2010 – Drama, komedie, romantikk

Regissør: Michael Patrick King.

Plot: Det er gått to år sidan vi sist har sett jentene. Og alle fire slit no med kvardagslivet. Som eit avbrekk, så vert dei med Samantha på eit pr. oppdrag til Abu Dhabi, og vips så finn dei løysinga på alle problema sine.

Vi får oppleve overdrevne kulturkollisjonar, og vi får raske gjennomganger av ulike tema som t.d. kvinneundertrykking, overgangsalder, homsebryllup, ekteskap, å vere frivillig barnlaus, gjestearbeidarar, kor vanskeleg det er å vere forelder osb.

Kulissene er fantastiske, og kjolene likeså.

Men likevel… Gjesp… dette var ein dørgande keisam film. Det verkar som om filmskaparane prøver å skvise  siste rest ut av det som ein gong var Sex and the City. Men eg veit ikke, eg synast dei har rota seg alt for langt vekk frå konseptet i serien, for mykje er forandra. Nerven er borte. I tillegg prøver dei å gape over alt for mange tema, og det ikkje noko elegant utført.

Filmen er jo eit must for dei som likar og har følgt med på serien Sex and the City. Men eigentleg, her er det berre namnet, outfiten og karakterane igjen. Innhaldet er borte, og filmen har ingenting med serien å gjere.

Category: Drama, Komedie  Tags: , , , ,  Comments off