Tag-Archive for » 2009 «

02
nov
2010

Sci-fi/Drama – 2009

Regissør: Vincenzo Natali

Plot: I jakten på eit protein som kan kurere mange sjukdommar har eit ungt forskarpar, (spela av Adrien Brody og Sarah Polley)  dyrka fram nokre skjønne?? skapningar, Ginger og Fred. Men denne suksessen er ikkje nok. I løyndom frå både arbeidsgjevar og alle andre, så spleisar dei DNA frå menneske og dyr, og vips så har dei skapt eit vesen som kan minne om eit menneske, men som og har meir urovekkande eigenskapar. Vesenet, spela av Delphine Chanéac, utviklar seg rask, og snart vert det etisk uforsvarleg å avlive det. Det får namnet Dren. Eksperimentet kjem ut av kontroll, for Dren er ikkje den lettaste korkje å skjule eller kontrollere. Forskarparet befinner seg plutseleg i ein foreldrerolle, og slit litt med oppsedinga av vesenet. I tillegg så går det ikkje så bra for  Ginger og Fred. Vil det same skje med Dren?

Eg er ikkje noko fan av korkje sci-fi eller drama, men denne filmen likte eg.Plottet kan høyras litt tvilsamt ut, men det funka faktisk. Eg hadde forventa meg ein grøssar, men i staden vart det ein dramafilm som heller la vekt på dei etiske problemstillingane ved å dyrke fram kunstig liv. Og litt familiedrama slepp vi heller ikkje unna. Samstundes gjorde sci-fi delen til at filmen ikkje vart keisam. Vesenet utvikla seg i eit forrykande tempo frå baby, til barn, til tenåring og til vaksen, noko som var med på å drive filmen framover. Skodespelarane fenga, og spesialeffektane kom seg utover filmen. Den vart truverdig. Filmen var litt for forutsigbar på slutten, og det kunne ha vore artig med ein litt meir orginal slutt, men bortsett frå det så var den jamt over bra.

Ein film som absolutt er verdt å få med seg.

Category: Drama, Sci-fi  Tags: , , ,  Comments off

Action – 2009

Plot:

Sherlock Holmes sin dødsfiende er tilsynelatande henretta og død. Men han oppstår frå graven, og har planar om å overta all makt i verda. Vil Sherlock Holmes greie og stoppe han?

Det er ikkje mykje ein kjenner igjen av Sir Arthur Conan Doyles sin berømte detektiv, men det var kanskje på tide med ein make-over? Filmen er spekka med action, den er morosam, spanande og foregår i flotte kulissar. Inn i mellom får ein glimt av den “orginale” Sherlock Holmes, som brukar deduksjon og logisk tenking som reiskap. Men i denne filmatiseringa, er det heilt klart det fysiske og actiondelen som er vektlagt. Og eg må sei, det vinner den på.

Flott film, må sjå materiale :) Gleder meg allereide til oppfølgeren.

Category: action  Tags: , ,  Comments off
20
jul
2010

Skrekk – 2009 (kanskje litt meir action enn skrekk)

Plot: Dr. David Krupien (Val Kilmer) undersøker en isbre som er i ferd med å smelte i Arktis da han oppdager en forhistorisk art forskere aldri har sett før. Mulighetene ved et slikt funn får Dr Krupien til å samle fire av sine beste studenter på basen til å delta i utgravningen.

 

Men det som gruppen ved nærmere øyesyn avdekker, overgår deres villeste fantasi. Nå må David og studentene kjempe en kamp på liv og død…

Eller meir klassisk, (klisjeaktig): fire ungdommer skal prøve å overleve i øydemarka til hjelpa kjem, samt redde resten av verden frå skumle småkryp B-) I tillegg har dei lagt inn temaet som er i vinden for tida, klimatrusselen. Så kven overlever til slutt? Ganske tradisjonell oppbygning, med andre ord.

Det var ein del logiske brister når det gjaldt oppførsel og overleving (overleve sjølv om ein ligg ute mange timar i isaudet etter å ha blitt skoten, for så å gå fleire km. Skyteglad fyr som ingen gidder å ta våpenet frå. Legge igjen videokamera på tåplege stader, osb.)

Men eg synast at skodespelarane gjer ein glimrande jobb ut frå manuset. Det er bra med action, og trusselen er både truverdig og skummel.

Så sjølv om filmen vert litt forutsigbar og litt klisjeaktig, så er underhaldninga til stades, og ein kan absolutt kaste bort eit par timar på denne filmen.

Category: action, Skrekk /grøssar  Tags: , , , ,  Comments off
13
jun
2010

Drama – 2009

Plot:

En katastrofe av ukjent art har drept nesten at liv på jordkloden. Det finnes ikke noe mat lenger – ingen dyr å spise, ikke noe korn som gror. De siste trærne, de som har klamret seg til marken lengst, er i ferd med å falle.

Menneskene som overlevde har tatt selvmord eller sluttet seg til kannibalbander. Her og der finnes det fremdeles spredte gode mennesker, som prøver å overleve etter fattig evne. Så som en far (Mortensen) og hans sønn (Smit-McPhee), i ferd med å krysse det som er igjen av USA på vei sørover for vinteren.

Filmen bygger på Cormac McCarthy sin Pulitzer-prisvinnende bok fra 2006. Den handlar om korleis mennesket reagerar når framtidsutsiktar og overlevingsmoglegheitar er tatt bort. Kor viktig håpet vert for å kunne overleve. Den handlar og om korleis forfattaren meinar at menneske kjem til å behandlar kvarandre, når det er knappheit på ressursar.

Vi følger ein far og hans son på veg sørover, i håp om å overleve vinteren. Vi får sjå eit far/son forhold, der faren vil gjere alt for at sonen skal overleve. Samstundes får vi og eit tilbakeblikk på korleis det var for familien i byrjinga av “naturkatastrofen”, og korleis det utvikla seg.

Vi opplever korleis faren er blitt kynisk og skeptisk til alle dei møter på vegen, han er lite villig til å hjelpe andre, og han dreper der han finn det nødvendig. Imens så har sonen meir tru på mennesket, meir tru på samarbeid, på det å vere god.

Filmen er nok god, for dei som er interessert i temaet. Den kan nok gripe ein del menneske. Men som underhaldning så var den langdryg og keisam.

Category: Drama  Tags: , ,  Comments off
13
jun
2010

Action – 2009

Regi: Michael SpierigPeter Spierig

Verden er tatt over av vampyrar, med alt det måtte føre med seg. Bl. a. så har antal skogbrannar auka betrakteleg =))  For desse vampyrane, dei glitrar ikkje i sola, dei brenn!!! Ikkje noko twighlighttull her.

Men med så mange vampyrar, så går det hardt utover menneska, og dermed matforrådet til vampyrane. Dei held på å gå tomme for blod. Og for desse vampyrane, så er det rett og slett ikkje sunt å gå sulten. Utsjånaden forandrar seg til det verre, og dei mistar den kognitive evnen. Så difor forskar dei for harde livet på å finne eit syntetisk blodsubstitutt.

Hovudpersonen, forskaren Edward Dalton, er ikkje heilt nøgd med å vere vampyr. Han har sympati med menneska, og ønskar å skape blodsubstituttet for å redde dei. Han vert kontakta av ei gruppe menneske under leiing av Elvis, dei hevdar å ha funnet ein kur mot vampyrar, ein kur som gjer vampyrar til menneske igjen. Vil dei greie det?

Daybreakers er ein morsom  og underhaldande actionfilm, vel verdt å sjå. Men den hadde vore endå meir morsom, dersom det var lagt endå meir vekt på praktiske problem som ei befolkning av solsky vampyrar ville ha hatt >:)

Category: action  Tags: , , ,  Comments off
03
mai
2010

Grøssar – 2009

Regi: Anthony DiBlasi

Kva er du mest redd for?

Tre studentar, Stephen, Quaid og Cheryl, starter eit studieprosjekt der dei skal filme og finne ut av kva medstudentane frykter mest av alt. Etterkvart visar det seg at Quaid er riv  ruskane gal, for han byrjar å iscenesette det intervjuobjekta er mest redd for. Han tar frykten eit steg vidare.

No ligg eg litt etter i filmomtalane, så det er ei stund sidan eg såg denne. Men eg tykte den var god, ein fekk absolutt ei kjensle for karakterane, filmen hadde god driv, og slutten var laga genialt motbydeleg…., akkurat slik ein grøssar skal vere.

Category: Skrekk /grøssar  Tags: , , ,  Comments off
03
mai
2010

Grøssar – 2009

Regi: Christian Alvart

Her er endå ein film om onde småjenter. Men eg må sei at eg likte denne betre enn “The Orphan“, sjølv om også denne filmen har sine svakheter.

Plot: Renee Zelweger spelar Emily, ein sosialarbeidar som trur ho har sett alt. Men dette er før ho får sak nr. 39. Ei lita, mystisk jente på 10 år som tydelegvis ikkje har det så bra heime. Saka eskalerer, og Emily reddar jenta frå å bli drept av foreldra. Det endar med at jenta flyttar inn til Emily, men er jentungen så uskuldig som ho ser ut til?

Dette er ein av dei betre grøssarane eg har sett i det siste. Her har du verkeleg jenta frå Helvete, som verkeleg kan gje deg kalde grøss nedover ryggen. Mange gode scener, god historie, lite dødtid, skodespelarane er overbevisande, og ein vert endå meir sikker på at å adoptere småjenter, det gjer man berre ikkje.

Det som øydelegg er at Emily vert mistenksam på så alt for tynt grunnlag. Men eg skjønar jo at det vil ta for lang tid å gjere denne biten realistisk, så eg får lære meg å sjå forbi sånne ting. I tillegg var slutten på filmen skikkeleg dårleg.

Men for all del, likar du grøssarar, så anbefalar eg denne filmen på det sterkaste.

Category: Skrekk /grøssar  Tags: , , ,  Comments off