Tag-Archive for » 2008 «

Komedie/skrekk – 2008 (med vekt på komedie).

Regi: Adam Fields

“In February 2007, ten people went to the remote mountains of Northern California to shoot an adult movie. What happened next was something no one expected, but everyone saw coming.”

Eehh, eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om denne. Det er underbuksehumor i ein verkeleg lågbudskjettfilm, og kor bra kan det bli?

Vel, eg lo no skikkeleg ein del gonger, og kollegaen min digga filmen. Men om den er bra, det greier eg rett og slett ikkje å bedømme. Du må nok sjå den sjølv :-P

If you see it coming, you’re already dead

Category: Komedie, Skrekk /grøssar  Tags: , , , ,  Comments off
05
sep
2009

Drama – 2008

Regi: Gerald McMorrow

Regi: Kollegaen min hadde sett traileren og trudde det var ein thriller. Det er det altså ikkje, det er ein svært langdryg dramafilm med mykje dødtid. Eg såg vel den først halvtimen utan å skjøne noko som helst, og måtte ein tur inn på nettet for å sjå kva filmen handla om. Det hjalp, men ikkje på opplevinga.

Plottet er som følger:  Fire parallelle historiar, om fire tapte sjelar. Ein ung mann som søker etter drømmedama, ein far som søker etter sonen, ei ung jente som har sjølvmord som eit kunstprosjekt, og ein maskefyr som er ein smule gal. Fire sjebnar som sakte (veldig sakte) nærmar seg kvarandre.

For dei som likar denne type filmar er dette kanskje ein god film. Stemninga i filmen er godt gjennomført som mørk, dyster og mystisk. Ein vert godt kjent med rollefigurane. Men for meg så gav den ingenting, historien vart for grunn. Filmen kjentast berre utroleg lang og keisam å kome seg igjennom.

Category: Drama  Tags: , ,  Comments off

Skrekk 2008.

Regi: David DeCoteau

house of usherNei, nei, nei. Såg vel berre rundt 20 – 30 minutter av filmen, og det holdt rikeleg. Dårlege skodespelarar, dårleg musikk ingen skrekk.  I det heile tatt ein  dårleg  og keisam film.

Det viste seg forøvrig kjapt at dette var gay versjonen av Edgar Allan Poe sin “House of Usher”. (Noko som kom svært tydeleg og grundig fram).

Null stjerner på denne, styr unna.

Category: Skrekk /grøssar  Tags: , , ,  Comments off

Action, drama, krig, episk – 2008

Regi: John Woo

Filmens slag er basert på en historisk hendelse fra 208. Keiser Hans statsminister Cao Cao vil knuse kongedømmet Xu i vest. Xu går i allianse med kongedømmet Wu i sør, og blir angrepet av 800000 mann og 2000 skip.

Filmen skildrer hvordan kongedømmene forsvarer seg i kraftig undertall, både når det gjelder menn og våpen. Slu taktikk må til for å ha en mulighet til seier. (omtale er henta frå NRK).

Battle of Red Cliff

The Battle of Red Cliff er visstnok Kina sin dyraste film nokosinne. Og når ein ser kva resultat regissør John Woo har fått ut av budsjettet, så tvilar eg ikkje. Filminga generelt og  kampscenene spesielt er nydeleg utført, og scenene er spektakulære . Ifølge  kollegaen min fekk vi og ein innføring i boka “kunsten å krige” av Sun Zi. Og det var mange snedige taktikkar der, eg likte særleg bruken av skjold. Fantastisk.

Vakker film, underhaldande og spanande. Den versjonen som er sluppet på det vestlege marknaden er visstnok sett saman av to filmar, og det er mogleg at ein mistar ein del av personskildringane på grunn av dette. Likevel, eg anbefaler filmen på det sterkaste.

Category: action, Drama  Tags: , , , , ,  Comments off
04
jul
2009

Svensk skrekk 2008.

Regi: Peter Pontikis

vampyrerKor e skrekken henne? Det var ein skrekkleg (der var skrekken, ja) keisam film om to jenter/vampyrer som løper rundt i gatene på flukt frå ein motorsykkelgjeng. Samstundes prøver dei å bearbeide ein identitetskrise. Dei er tydelegvis ein type vampyrar utan nokre superevner, altså berre ulempa og ingen fordeler. Som sagt, ekstremt keisamt, vi orka ikkje eingong å sjå igjennom heile filmen.

Null stjerner på denne filmen.

Category: Skrekk /grøssar  Tags: , , ,  Comments off