Tag-Archive for » 2006 «

05
jun
2010

miniserie – politisk thriller – 2006.

Omtale henta frå coveret:

I Florida venter en britisk soldat på å bli henrettet. I Virginia blir liket av en ung mann funnet, skutt i ansiktet på nært hold. Tre hendelser som alle viser seg å høre sammen – med spor som leder dypt inne i maktens korridorer. Sannheten om konspirasjonen kan styrte Det hvite hus.

Serien har fått gode omtalar, og det verkar som dei fleste har likt den.

Eg derimot, er litt lunken. Eg likte plottet, serien var godt utført frå byrjing til slutt. Og den kjentes aktuell, bl.a. med muslimfrykt, og kapital /økonomiske interesser i “trøblete” statar. Det var ingenting å sei på skodespelarane, og historia var truverdig.

Men, som underhaldning så vart det alt for langdrygt og keisamt. Eg sleit og med å få med meg alle karakterane og intrigane som vart presentert i byrjinga av serien, men dette kom seg heldigvis etterkvart. Dette er heller ikkje ein serie som ein kan sjå halvveis på, ein må verkeleg følge med for å forstå plotta.

Så kva vart dommen? Eg trur det går mykje på smak og behag. Serien var godt laga, ikkje tvil om det. Men eg er ikkje så interessert i filmer om storpolitikk, der ein stor del av underhaldninga ligg i diplomatiske taktikkar og finesser. Difor vart den i periodar keisam for meg.

Likevel, det er ein serie eg er glad for å ha fått med meg.

Category: Politisk thriller  Tags: ,  Comments off

Skrekk – 2006

Regi: Bill Eagles

Enda ein Draculafilm, men eg måtte berre ha den med meg :)

Lord Holmwood (Dan Stevens) skal gifte seg med sin kjæreste, Lucy (Sophia Myles), men han har ein forferdeleg løyndom, han har syfilis, så han kan ikkje fullføre ekteskapet utan å smitte Lucy.

Hans jakt på å finne ein kur førar han til Grev Dracula (Marc Warren), ein legendarisk figur med ekstraordinære krefter.

Men det tar ikkje lang tid før Lord Holmwood innser kva han har sluppet laus i England. Han må ha hjelp av vampyrdreparen Abraham Van Helsing. (David Suchet), for å bli kvitt monsteret.

Eg likte denne versjonen eg. Det er ikkje så mykje innslag av komikk som i dei tidlegare Draculafilmane eg har sett. Miljøskildringane av gamle England var flotte, og det er faktisk grunn nok til å sjå filmen. I tillegg er det gode skodespelarar og gode karakterskildringar.

Filmen refererar bl.a. til Highgate Cementery, eit namn mange vampyrfans kjenner til.

Kort oppsummert; eg tykkjer dette var ein av dei betre blant Draculafilmatiseringane. Historien er jo kjent, så det vert ikkje så mange overraskingar. Ikkje er det så mykje grøss heller. Men filminga var bra, og historia var godt fortaldt.

Category: Skrekk /grøssar  Tags: , , ,  Comments off
27
sep
2009

Thriller, drama, fantasy, og litt komedie – 2006

Regi: Tom Tykwer

parfymenFilmen handlar om mannen med verdas beste luktesans som vert seriemordar i jakten på den perfekte duft. Den er basert på Patrick Süskinds romansuksess fra 1985.

Ein litt annleis film enn kva eg plar sjå på. Filmen brukar sterke visuelle verkemidlar for å få fram det stinkande Paris. Kostymene og kulissane er det ingenting å sei på. Og eg må sei eg likte stemninga i filmen, den var verkeleg sær.  Historia har sine lyspunkt,  og den er fortalt i ein lett humoristisk stil.

Elles kan eg ikkje sei at filmen fenga meg noko særleg. Den vart litt for “flyktig”, (nesten som ein parfyme?), og rotete fortellermessig. Vi får inga kjensle for karakterane, og i ein film på nesten to og ein halv time  så burde det  ha vore ein lett match.

No er eg ikkje så veldig glad i drama, og denne filmen er nok  først og fremst ein dramafilm. Sjølv om den kom seg etter ei stund, så satt eg å kjeda meg i store delar av filmen.  Så den får ikkje meir enn ein toar av meg. Men for folk som likar dramafilmer, så trur eg nok at denne filmen vil fenge. Særeigen er den uansett.

Category: Drama, Fantasi, Komedie, Thriller  Tags: , , , , ,  Comments off