Tja, kva skal eg skrive?
Eg er ei kjerring på 39 år frå Florø, Noregs vestlegaste by. Har sjølvsagt flytta derifrå, og er no busett på beste vestkant i Bergen, nærare bestemt i Loddefjord
.
Eg er utdanna førskulelærar, men jobbar for tida som nattevakt i eit bufellesskap for menneske med utviklingshemming. På dagtid studerar eg spesialpedagogikk.
Eg trur eg er rimeleg samfunnsorientert og engasjert. Uansett så kjem eg til å kommentere ein del saker frå media, om ikkje anna enn for å ha noko å skrive om her i bloggen
.
Elles er eg heilt fersk når det gjeld blogging og det å ha ei eiga heimeside. Så for tida driver eg å leikar meg med forskjellige program som t.d. sharepoint designer, photoshop osb. Førebels er ikkje resultatet så veldig bra, men det vil forhåpentlegvis kome seg etterkvart.
Eg er og glad i å ta bilete, så kanskje, kanskje ein gong om veldig, veldig lenge, så vil dette gjenspeile seg på heimesida?











2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by