Eg tenkte at eg i år skulle setje meg skikkeleg inn i politikken til dei ulike partia. Eg kjem til å hente kjelder frå aviser, arbeids- program og partiprogram. Eg kjem ikkje til å følje tv-debattar, då eg tykkjer det er ufatteleg keisamt og lite informativt. Eg er lei av å høyre politikarane kritisere kvarandre utan å kome med konstruktive løysingar på ulike samfunnsproblem.

Dette vert ikkje noko objektiv framstilling av dei ulike partia. Fram til no har eg stemma SV, og det er framleis den politikken som står meg nærast. Dette vil nok prege synspunkta mine.

Saker som er viktig for meg er: miljø, tryggleik  (velferdsgodar), likestilling  (i utvida forstand), ha eit inkluderande fellesskap, forsking samt fornuftig forvalting av naturressursar og verdiar (økonomiske).

Oppdatert 17. august- 2009:

Vel, eg har vel gjeve meg på prosjektet, i kvart fall når det gjeld å skrive det ned på bloggen. Sida og kategorien er no omdøpt frå “stortingsval 2009″ til den meir generelle tittelen “politikk”, og vil handle om, ja akkurat, politikk :-)

Postar om politikk finn du her: