– kan det bli betre :)

I dag er det ein topp dag :)

I dag har eg vore på den “nye” frisørsalongen “Hair-cut Frisørcenter” og hatt ein skikkeleg luksusoppleving. Eg har gått til den frisørsalongen i fleire år, (første frisøren eg har gått til fleire gonger) og eg har alltid vore nøgd. Men det har vore litt slitne lokaler. Men no har dei pussa opp, og imens eg sat der, merka eg at det vart ei heilt anna oppleving. Eg kjende meg som det luksusdyret :) Flott start på dagen :)

Elles vert det ikkje noko tur på meg i dag. Dagen er sett av til husarbeid og møte. Men eg har vore flink i det siste. Forrige veke var eg 2x på Fløyen + dei vanlege turane mine. Eine dagen gjekk eg 2,5 mil. Då var eg ganske nøgd med meg sjølv. Denne veka skal eg opp der i kvart fall 3x.  Så får det heller berre vere at det vert ein innedag i dag, resten av veka skal tilbringast ute :)  Eg merkar godt at eg har meir overskott etter siste vekers turar, og eg merkar det det på humøret :) Så dette kjem eg til å fortsette med :)

Nokre bilete frå dei siste vekene:

PhotoGrid_1395664845673

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.