Sjølv eg som ikkje er religiøs, kan sjå at religion er ein viktig del av mange menneske sine liv. Difor synast eg det er særs overraskande når ein representant for Krf ikkje har den same forståinga. Gustav Nydal som sit i bystyret i Flora for Krf fortel at han skulle ønske at det ikkje var behov for eit muslimsk bønnehus i byen.

– Vi bur i eit fritt land, og folk skal få lov til å tru det dei vil. Men eg skulle sjølvsagt ønskje at det ikkje var behov for eit muslimsk bønnehus i byen, seier han.

Firdaposten 15 august 2013

Kva er det han eigentleg seier her? Ønsker han at det  ikkje kjem muslimer til byen? Eller meiner han at det gjerne må kome muslimer, men at dei ikkje bør ha behov for å utøve sin religion?

Korleis kan ein som faktisk har innsikt i korleis det er å vere religiøs ha så lita forståing for andre sin tro?

Eller kanskje han er redd for at muslimane skal ta seg til rette på same måte som kristenfolket i Florø har gjort? I Florø føregår bl. a. konfirmasjonsundervisninga i skuletida, til tross for kyrkjelova §36,1 som seier at:

«Konfirmasjonsopplæring skal ikkje leggjast til skuletida, med mindre særlege grunnar ligg føre og kommunen har gjeve sitt samtykke».

Eg hugser sjølv då eg gjekk på ungdomsskulen og ikkje ville konfirmere meg. Eg måtte ut av klasserommet, men det fantes ingen alternativ undervisning. (Og presten klarte t.o.m å sei at han syntast synd på meg sidan eg ikkje ville konfirmere meg). Dette var på 80 talet, men så vidt eg forstår så har  Flora Ungdomsskule framleis ikkje noko undervisningstilbod til dei som ikkje skal konfirmere seg, dei må berre ut av klasserommet. Det skal seiast at det har vore stor diskusjon om problemet, og at det kan sjå ut som at 2013 blir det siste året for denne praksisen. Den som lever får sjå :)

I tillegg så pusher prestane i Florø bibel på barn som ikkje har møtt opp kyrkja. Kvart år inviterer kyrkja alle femteklassingane i Flora til utdeling av biblar i kyrkja. Sidan kyrkjekontoret har tilgang til elevlistene så veit dei og kven som ikkje var til stades under utdelinga. Prestene dukker så opp i klasseromma for å gje det nye testamentet til dei som ikkje kom til kyrkja. Ganske frekt, spør du meg.

Okey, så skein det vel igjennom at eg er ganske antireligiøs. Men eg har faktisk forståing for at folk trur på diverse, og at religion er viktig for mange enten det er Gud, Allah, stjerner eller shakraer dei trur på. For kven skal bestemme for andre kva som gjev meining i livet? Det eg ikkje liker, er når religion vert pådytta folk, eller brukt til å undertrykke grupper og til å forsvare overgrep og krigar. (Til dette har eg berre ein ting og sei: “Mot dumskap kjempar sjølv gudane forgjevast” ~x( )

Men tilbake til saka. Eg synast det er trist at ein representant for dei kristne ikkje ser den verdien ein moske vil ha for muslimar. Personleg synast eg at bygging av ein moske vil vere positivt for Florø. I tillegg til det religiøse og samfunnsmessige aspektet, ville det vere eit flott og spanande tilskott til Florø sin arkitektur reint estetisk. Då håper eg at dei får til ein “skikkeleg” moske med mosaikk, tårn og alt som høyrer til :) Så eg ønsker Fayez Alhaddad og hans trusfeller lukke til, og håper at dei får gjennomført planane sine i ikkje alt for fjern framtid :)

Category: I media  Tags: , ,
You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.
3 Responses
  1. Hjorthen sa:

    Jeg også hoppet litt i stolen når jeg leste den der ja.

  2. Hedvig sa:

    Ja, den var ikkje god den uttalelsen der…

  3. […] Mer lesestoff? Mitt lille webunivers skriver om samme saken.  […]