Morgenbladet er ei bra avis innhaldsmessig, men dessverre så har dei ei elending kundeservice. I tillegg så klarte dei å gjere den frå før elendige e-avisa si ubrukeleg. Og dette heilt utan forvarsel.

Eg har holdt Morgenbladet i mange år og har vore svært nøgd med dei. Her for eit par månader sidan slutta avisa å dukke opp i posten. Eg sa ifrå eit par gonger, og fekk heile tida lovnadar om at det skulle kome seg utan at noko skjedde. Det var eigentleg ikkje noko stort problem, for då gjekk framleis den elektroniske utgåva an å lese på ulike plattformar. Og eg syntast eigentleg at det var meir praktisk å laste ned avisa som PDF på nettbrettet enn å dra rundt på papirutgåva. Eg bestemte meg difor for å avslutte papirabonnementet og gå over til den elektroniske utgåva i staden.

Så var det å ringe kundeservice: Eg lurte då på om eg fekk tilgong til avisarkivet (tidlegare utgåver av avisa), noko som ikkje var mogleg som papirabonnement. Ho i kundeservice forklarte at det var det same tilbodet både for dei med avisabonnement og dei med e-abonnement, bortsett frå at dei med e-abonnement ikkje får papiravisa. Ho meinte at arkivet i nettavisa til Morgonbladet var godt nok, og kunne ikkje skjønne spørsmålet om avisarkiv. Greitt nok, ikkje noko å gjere med det, eg bestilte e-avis i staden. Eg syntast ikkje at produktet var så godt, eg hadde ønska meg eit avisarkiv i tillegg, men så lenge det gjekk an å laste ned avisa så var det ok.

Morgenbladet

Då eg sjekker “mine sider” ser eg at dei ikkje har overført papiravisabonnementet mitt til elektronisk abonnement, nei, dei har oppretta eit nytt elektronisk abonnement samstundes som eg og betalte ut betalingsperioden på papiravisa. Altså betalte eg for to elektroniske abonnement samstundes. Ok, litt irriterande, men ikkje noko stort problem, sidan det ikkje var snakk om så  lang periode. Avisa dukka forøvrig ikkje opp i postkassa sjølv om eg betalte for den. Då eg forandra Firdaposten frå papiravis til elektronisk, vart overskytande beløp ført inn i det elektroniske abonnementet utan problem. Så når ei lita avis som Firdaposten klarer å fikse det, burde Morgenbladet ha kunnet fiksa det dei og.

Eg hadde sjølvsagt gløymt å slette avtalegiroen, så plutseleg ser eg på “mine sider” at papiravisa er betalt for tre månader til. Samstundes så får eg rekning på den elektroniske avisa. Eg ringer kundeservice, og snakker med ein hyggeleg fyr som fikser alt. Alt er berre fryd og gammen.

Så er det plutseleg ikkje mogleg å laste ned avisa lenger. Ein er nødt til å lese den på datamaskina i e-avis format ~x( Eg kan ikkje fordra det formatet. Det er svært tungvint og slitsomt å lese det slik, og eg orkar berre eit par minutt i gongen. Eg blir difor aldri ferdig med avisa.  I tillegg så kan eg berre lese avisa heime foran PCen, ikkje på nettbrett eller mobil. Produktet vart difor ubrukeleg for meg.

Eg klagde difor skrifteleg til kundeservice:

Hei.

Det var ikkje mogleg å laste ned Morgenbladet som PDF denne gongen, det har ikkje vore noko problem tidlegare. Om dette vedvarer er det ikkje samsvar med den varen eg trudde eg hadde kjøpt. Om det er ein permanent løysing at det er slutt på at det går an å laste ned Morgenbladet som PDF, så ønsker eg å sei opp abonnementet umiddelbart og få refundert gjennståande penger på kontoen. Om det er ein feil, så ønsker eg å få tilsent PDF utgåven av denne vekes Morgenblad (nr 14) på e-post.

Med venleg helsing

Eg tar sjølvkritikk på at eg ikkje forklarte i detalj om korleis eg lasta ned utgåvene som PDF. Men eg trudde verkeleg at dei hadde folk der som hadde minimalt med kunnskap om data. Her er svaret frå Morgenbladet:

Hei

Takk for din henvendelse.
Det har aldri vart mulig at laste ned Morgenbladet som PDF med nettabonnement. Med nettabonnement så må du lese avisen på nett. 
Det er mulig at kjøpe enkelt utgaver av avisen via buyandread der kan du laste ned avisen i pdf format. Buy and Read er et helt eget firma, vi har ikke det her på Morgenbladet.
Stopper abonnementet ved utløp den 07.07.2013. Tilgodehavende per d.d er  kr 243 og vi har en nedre grense for tilbakebetalinger på kr 250 pga administrasjonskostnader internt og i bank.
Ok, no er eg drittsur. Ikkje for dei 243 kronene åleine, men for at det har vore så mykje rot med dei, og på toppen av alt så er dei så smålig at dei ikkje vil betale tilbake småbeløp. No er dei berre irriterande.
Her er svaret eg sendte 17. april der eg forklarte korleis det har gått an å laste ned avisa deira. Eg har ikkje fått svar frå dei, så saka er nok avslutta :( .
Eg har brukt “skriv ut knappen” til å laste ned til pdf, og det har eg gjort kvar veke, så det gjekk fint an. Denne er no tatt vekk. Eg sjekka teknologien før eg gjekk over til elektronisk abonnement, og synast det er trasig at dokke tar vekk funksjoner utan forvarsel og utan moglegheit til å få refundert penger. 

Mvh

Eg kjem til å sakne Morgenbladet :snufs: .
Oppdatert 27.04.2013
Og no gjekk det igjen an å laste ned, det var til og med ein eigen nedlastningsknapp. Men det er (pr. d.d.) ikkje tilbakeført på nr. 14 og nr. 15. Så dette ser like ustabilt ut som leveringa av avisa.
You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.