26
mar
2013

Eg plar ikkje å klikke inn på reklamer, men her var det bilete av ei som trente sideveis planke, og sidan eg er veldig på jakt etter ulike styrkeøvingar for tida, så klikka eg meg inn i håp om å finne eit supert treningsprogram. Stor var skuffelsen då det viste seg at det var ein CLA reklame, utforma som ein reportasje. No har eg ikkje forutsetninger om å uttale meg om CLA virker eller ikkje, men annonsøren har tydelegvis ikkje noko tru på produktet, så då får ikkje eg noko tru på det heller.

No orka eg ikkje å lese annonsen/reportasjen, men scrolla meg ned til kommentarfeltet. Først leste eg teksten, og den såg rimeleg konstruert ut. Berre skryt.  Det høyrast og litt framandsleg ut når “David”  snakkar om “Jessica” og dollar. I tillegg så gjekk det ikkje an å legge igjen kommentar p.gr.a: “Kommentarer er stengt pga. søppelpost. Vennligst sjekk igjen senere”. Denne var plassert under kommentarfeltet, i eit reelt kommentarfelt så ville den ha stått på toppen. (177 kommentarer, 10 pr. side).

busted2

Hmm, noko seier meg at det ikkje nyttar  å sjekke innom seinare, og at det ikkje ville ha nytta å sjekke inn tidlegare heller. Men korleis løyser dei problemet med eit kommentarfelt der ingen kan skrive inn på? Jo, dei legg inn ein rekke med kommentarer datert fram i tid. Eg titta inn på sida deira natt til 26. mars. kl. 0230. Og då finn eg masse kommentarer som skal kome seinare på dagen.  Creepy, og ikkje særleg tillitvekkande.

Så kort sagt, eg veit ingenting om CLA. Men annonsøren har ingen tru på produktet, og tør ikkje la kunder skrive om sine opplevinger. Så dei faker eit kommentarfelt, frykteleg dårleg utført, og håper at kundane set pris på åpenbar juks, men likevel ønsker å kaste pengar etter dei. Eg vil tru at “reportasjen” er like dårleg utført, men har ikkje orka å lese denne. Du finn den her om du vil sjekke.

Og der kom eg i hug kvifor eg normalt ikkje gidd å klikke meg inn på reklamer :-S

Category: Litt av kvart  Tags:
You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.