Eg er mildt sagt sjokkert og ikkje så lite oppgitt over framferda til Xocai / Sjokoservice. Her truar dei ein bloggforfattar med millionsøksmål fordi han har skrive kritisk om xocaisjokoladen /marknadsføringa.

Klarar dei ikkje å tilbakevise påstandane? Er det difor dei tyr til truslar og sjikane?

I tillegg sendte dei e-post til bloggaren sin arbeidsgjevar, noko som dessverre førte til at bloggaren måtte slette bloggpostane. Og som om det ikkje var nok, så har dei på sine sider jaggu lagt ut namn, bilete, yrke og adresse med køyreanvisning ikkje berre på bloggforfattaren, men også på hans foreldre og søsken.

Kor lågt går det an å synke? :-O

For å lese heile den elleville historia, trykk her:

Her er bloggpostane som Xocai / Sjokoservice  ikkje likte:

30 punkter du bør undersøke før du starter som Xocai distributør

Xocai, en sunn sjokolade? Er det helse i hver bit?

 Eg oppfordrer og samstundes alle andre til å publisere eller dele bloggpostane i solidaritet til den opprinnelege bloggforfattar. Ettersom Xocai har fått rikeleg med tid til å imøtegå påstandane i bloggpostane, men kun har respondert med truslar og sjikane, så går eg ut frå at informasjonen her er ganske påliteleg.

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.