27
mar
2012

Då har eg brukt eit par timer på å tryggleikskopiere diverse sider(er det det ordet ein brukar på nynorsk?).

Filmsida mi forsvann brått, og eg aner ikkje kva som har skjedd. Har reinnstallert wordpress, sletta plugins og sjekka både config og andre dokument  utan at det hjalp. Då eg skreiv “php_flag display_errors on” i .htaccess fila fekk eg denne meldinga:

“The server encountered an internal error or misconfiguration and was unable to complete your request. Please contact the server administrator, support@one.com and inform them of the time the error occurred, and anything you might have done that may have caused the error”. More information about this error may be available in the server error log”.

Då ga eg opp.

Ikkje at det var så farleg å miste filmsida, den har lege daud i over eit år no, men eg har andre sider som t.d. Sørstrand Folkepark , som eg er litt meir redd for å miste. Men, no er den kopiert i alle bauger og kanter, noko som eg sjølvsagt burde ha gjort for lenge sida.

Men så kjem det store spørsmålet, eg har brukt programmet “wp-db-backup” og det ser ut som programmet har fått jobben gjort. Men eg har enno ikkje funne ut korleis ein legg inn att sida, og då er eg like langt om uhellet er ute :-P Så for å backe opp backupen, har eg brukt “eksporter/importer” til testsida (og pc-en), just in case. Det såg ut som det funka fint denne gongen, men tidlegare har eg slete med at den vil ikkje eksportere, event. importere alt, så eg stoler ikkje heilt på den. Får håpe one.com kjem meg til unnsetning visst det verste skulle skje.

Ja, ja. Når Altinn sliter, til tross for millionsatsing, så får ein glad amatør trøyste seg med at det er ikkje alt det tekniske som er like enkelt å forstå :)

Lenge sida vi ikkje kasta vekk tid på dataproblem

Ei stund sida vi ikkje kasta vekk tid på dataproblem

Så ein liten digresjon:

I 2003, (før sosiale medier hadde slått til for fullt her i landet), så anslo ein at norske bedrifter tapte opp mot 40 milliarder kroner på søppelpost, virus, it-problemer og datakriminalitet i løpet av eit år. Eg lurer på kva summen er i dag :>

milliardtap på dataproblemer kopi når sida av Økonomisk Rapport ikkje finnast lenger.

 

29.03.2012: Då var sida mi oppe igjen med god hjelp frå One.com :)

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.