Ka e det med lønningskontoret i Bergen Kommune :-??

Å betale ut riktig løn, er i kvart fall ikkje deira sterke side. No har eg nettopp skifta jobb innad i kommunen, og det vart sjølvsagt problem med ein gong. Sist eg skifta jobb (innad i kommunen) så tok det EIT ÅR før dei greidde å få orden på lønsutbetalingane mine, og eg tviler framleis på at eg har fått att alt eg hadde tilgode. Skal tru kor lang tid det går denne gong?

Og det som er ekstra merkeleg, er at om dei utbetaler for mykje ein sjeldan gong, då er dei kjempeflinke og raske med å få dei kronene tilbake. Forstå det dei som kan X_X

Edit 15.03.12: Det ser ut som dei har blitt betre, no får eg etterbetalt løna berre tre dager etter :) Flinke, flinke lønningskontor :) (Bortsett frå at dei har trekt meg for mykje i skatt).

Category: Dagens  Tags: , ,
You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.