Statsadvokat ved Troms og Finnmark statsadvokatembeter, Hugo Henstein, gikk søndag ut i VG og tok til orde for straffereduksjon i såkalte sovevoldtektssaker. Han mener det subjektive skyldkravet er svakere når en person har sex med en annen person mot dets vilje dersom vedkommende sover, er bevisstløs eller av andre grunner ute av stand til å motsette seg samleie. Statsadvokaten kaller det «å ta seg til rette». Han viser også til at juryer nøler med å dømme slike saker som voldtekt fordi det ikke brukes mye vold. 

No skal eg inrømme at eg ikkje har lest kronikken, for eg finn den rett og slett ikkje på nett. Eg har berre lest om utsegna i andre sine svar til Hugo Henstein.

Men har han uttala seg slik eg trur, så vert dette feil på så mange plan.

Eg har alltid trudd at valdtekt var eit brottsverk, om man må gjere fleire lovbrot for å kunne gjennomføre valdtekten, så burde dette kome i tillegg. Det verkar rart at dersom ein berre gjer eit brottsverk, nemlig valdtekt, så skal ein straffast mildare enn kva strafferamma seier om dette brottet. Det er slik eg oppattar det Hugo Henstein har uttala.

Så visst du har eit  innbrot i heimen, og ingen protesterar til innbrottstjuven, er det då greitt at innbrottstjuven berre har “tatt seg til rette”?

Om du søv, vert bedøva og frastjålet ei nyre. Er det så nøye, så lenge du ikkje visste kva som skjedde? At du har det vondt etterpå, har ingenting å sei.

Og så kan ein og sjølvsagt ta opp menneskesyn, og påfølgande diskusjon om offeret si skuld i hendinga. At om offeret stiller seg sårbar, så er det hennar/han si eiga feil om andre vert  kriminelle og forbryt seg mot ho/han?  Altså, ein tek ifrå den kriminelle ansvaret og legg skulda over på offeret?

Og skal ein verkeleg legitimere eit brottsverk, berre fordi samfunnet feiler i å få straffa kriminelle som utfører dette brottsverket?  At det dessverre er mange som faktisk meiner at offeret har skuld i det sjølv, og/eller ikkje ser på det som eit grovt brottsverk, burde heller ikkje vere utslagsgjevande. (Han viser også til at juryer nøler med å dømme slike saker som voldtekt fordi det ikke brukes mye vold.)
.
Til slutt vil eg sei at eg synast det er ekstra trist at ein statsadvokat, som skal vere med å sikre rettstryggleiken til alle innbyggarane i Noreg, (også valdtektsofre), kjem med slike utspel. Hadde det vore ein forsvarsadvokat som tala på vegne av sin klient, så kunne eg ha forstått det, men ein statsadvokat?? Eg håper han sjølv ser at han med dei haldningane han gjev uttrykk for, så er han inhabil valdtektssaker heretter.

 

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.