…. til benken sin i Italia.

Støttegruppa med Kåre Leif Hollevik i spissen la måndag fram dokumentasjon frå Italia, som skal bevise at far Fkadu og Simon (10) ikkje har fått hjelpa dei har krav på som flyktingar med opphaldsløyve i Italia.

I dag er det onsdag, og Simon og faren vart, utan forvarsel, henta av politiet, sendt til Oslo og skal transporterast ut av landet snarast.

Vi har enno ikkje handsama klagen sidan vi ikkje har motteke all informasjon som er varsla og omtalt i media. Vi har derfor ikkje nokon ytterlegare kommentar, seier Jon Arne Jensen, avdelingsdirektør i UNE.

Sjølv om eg ikkje heilt kan forstå motivet, så kan ein jo byrje og lure på om det er taktikk når UNE sender barn ut av landet før klagen er handsama. Trur dei at dei lettare vert kvitt “problemet” då?

Nei, dette er berre trist.

Du kan lese meir om Simon og faren i Firdaposten.

Og her er tidlegare bloggpostar som eg har skrive om Simon.

 

Oppdatert 23. april.

Avslag.

Bur i transittleir

UNE er framleis like umenneskelege, det kan ikkje vore lagt vekt på etikk eller empati i deira utdanning/ yrkesutøving. Kor vert det av barnet sine rettar?

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.