….. no bur dei på ein benk i Italia.

Denne gongen er det 25 år gamle Fathia og hennar son på 6 år, som får gjennomgå.

Aftenposten skriver:

Etter fire år på flukt gjennom to kontinenter endte Fathia Omar opp i Bergen. Der fikk asylsøkeren behandling for fysiske og psykiske skader, blant annet etter brutale voldtekter. Men midt under behandlingen ble den nyopererte og traumatiserte kvinnen tvangutsendt og overlatt til seg selv i Genova i Italia.

– Jeg har fortsatt stingene etter operasjonen. Her er det ingen som vil se på dem, sa den somaliske 25-åringen da vi denne uken traff henne i den italienske byen.

E det mulig??? Kva slags menneske er det som kan få seg til å utvise ei kvinne med denne historia?

I tillegg så skjønar eg ikkje kvifor Noreg framleis sender asylsøkarar med barn til Italia. Og i tillegg påstår UDI at det er trygge forhold for dei der???? Er det slik barn skal vakse opp?

Lille Simon og faren, som eg har skrive om tidlegare her på bloggen, skal og verte sende tilbake til Italia. Dei hadde og berre ein parkbenk som bustad, og no må dei flytte tilbake til den. Ufatteleg trist.

Frå før har vi måtte betale erstatning til samane, til tatarane, til barneheimsbarn osb. Men eg er ikkje heilt sikker på om vi har lært så mykje av historia, vi er framleis ikkje noko særleg flink til å behandle ulike menneskegruppar bra. Og at barn og unge får gjennomgå synast eg er særleg grusamt.

Det er berre å sjå på dei 15 ungdommane som sit på eit asylmotak på Salhus. Dei får vere i landet til dei er 18, så er det på hovudet ut. Korleis skal dei få leve ungdomstida si, korleis skal dei få planlegge livet sitt. Kva gale har dei gjort som fortener noko slikt?

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.
2 Responses
  1. PlainTom sa:

    Skjønner meg ikke helt på norsk politikk…
    De kaster ut personer som Fathia mens Krekar og folk som Mohammed får bli… Norske politikere burde sjekke hodet sitt for det er tydeligvis ikke skrudd riktig på….

    Blir piss irritert når jeg leser sånt som dette.

    Det norske slogan for invandrings politikken skulle ha vært : “Are you a terrorist symphatizer feel free to come live in Norway, we love the drama, if not piss off and die”.

  2. Hedvig sa:

    Kunne ikkje sagt meg meir einig.