Skulle nesten tru at eg hadde fått fleire lesarar, besøksteljaren visar opp mot 200 treff i veka. Men etter nærare granskning så viser det seg at eg framleis sit igjen med min faste lesarskare på ca. to – tre personar
Eg har opplevd dette eit par gongar før, at antal treff brått skyt i været. Søkeord som har fått teljaren min til å gå i spinn er / har vore “Dead Silence” og “Kieron Williamson”, men akkurat no er det “Anna Anka” som tel. Anna Anka har vore eit populært søkeord tidlegare og, men inntil for to dagar sidan så har det vore heilt stille frå den kanten. Men no har ho tydelegvis vore ute i media igjen, for trafikken på bloggen min har auka merkbart, og nesten alle som har vore innom sida mi har Anna Anka som søkeord, (men dei aller færraste les vidare i bloggen).
Så eigentleg så må det vere ganske enkelt og manipulere slike besøksteljarar dersom ein ønske det. Det er berre å finne ut kva for søkeord som er populære, og skrive nokre få ord om det. Og vips, så rasar treffa i været.
Så med andre ord: besøksteljarar gjev ikkje ein sikker peikepinn på kor mange lesarar ein blogg har. (Sjølv om det sjølvsagt er forskjell på 200 og 2000 treff
)










2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by