Var som sagt ein liten tur til Florø i forrige veke. Masse snø der og, men eg fekk no tatt litt bilete før dei river det som er igjen av “Florøsjela“.
Sjukehuset som ikkje er sjukehus lenger. Her jobba min farmor. Eg hugsar vi gjekk i fakkeltog og stod på for å behalde sjukehuset, til lita nytte. Eg kan ikkje hugse at Florø fekk så mykje støtte av resten av fylket. Dei byrja først å protestere når resten av sjukehusa vart lagt ned.
Men ein kan ikke akkurat påstå at Florø ligger på “solsida”. Byen er faktisk lagt nord på øya, med dertil solforhold. Eg vaks opp “bak åsen”. Sjølv om “bak åsen” høyrast litt dystert ut, så er det det som er sørsida og solsida av åsen.
Då eg vaks opp var dette var eit verkeleg staseleg hus, med ein svært spesiell og fin hage.

Eg tenker berre “gatefest” når eg ser denne trappa
Alt for å stoppe raggarane
Vi pleide å sei “eg skal ned i gata” visst vi skulle til sentrum (Strandgata). Dersom du sa du skulle til byen, så betydde det Bergen. Lurer på om det framleis er slik
Gamle arbeidsplassen min sett frå Trovikskaia. Jobba for Fjord1 den gong det heitte “Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane”. Veit ikkje heilt kva tittelen min var, men jobben bestod i å laste og losse båtar /bilar, køyre litt lastebil, fylle ut litt papirer og telle maaaange, maaaange gassflaskar.
Hmm, det ser ut som om anigifen min har svikta. Men dersom du trykker på biletet over vil det dukke opp fleire bilete av Trovikbygget.
Trovikbygget som i si tid romma t.d. Kakebua.
Eg hugsar at eg syntes at hjørnet på toppen av Trovikbakken var så fint då eg var yngre. Vel, det er ikkje mykje igjen av det no
Trist at eigarane har latt bygningen forfalle slik.
Og, ja, eg var orangeruss i 87
. Godt vedlikehald?
“Fargeklatten” som ei stund var Florø sitt mest berømte hus. Eigaren malte huset rosa, det fekk han / ho ikkje lov til, og det vart slått opp i media både i Noreg og i utlandet. Enda på visa var at eigaren måtte male om huset i den fargen du ser her no.
Sidan har kommunen vorte meir slepphente. Det er berre å sjå på utforminga på einskilde av dei nye bygga i sentrum.


Her er endå eit hus som visstnok skal rivast.
(anigif, trykk på biletet over)
Og her hadde eg min første jobb, i helsekostforretning.
Ja, ja. Det eg har lært er at skal ein ta fine bilete i Florø, gjerne med litt lys, så må ein stå tidleg opp. Skal prøve det neste gong
Eventuelt så kan eg lære meg å bruke kameraet litt betre, og ikkje berre ta bilete på auto




























2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by
[...] Mitt lille webunivers har masse flotte bilder fra Florø sentrum. AKPC_IDS += "9166,";Dele/spare var a2a_config = a2a_config || {}; a2a_config.linkname="Mimretur i Florø sentrum"; a2a_config.linkurl="http://hjorthen.org/?p=9166"; Poster som kanskje ligner litt på den du leser [...]