Eg hadde meg ein tur til Florø i forrige veke. Ikkje så mykje nytt der, men det er alltid koseleg å kome heim ein tur.
På fredag var vi ein liten tur på byen etter gamalt. Vi byrja kvelden med å ete på “Mama Rosa”. Og gjett om eg angra på at eg ikkje bestilte kebab. Ein god kebab er noko av det beste eg veit.
For at kebaben skal vere skikkeleg god, må kjøttet skjærast i tynne flak, og ikkje i bitar slik dei gjer her i Bergen.
(Dersom du veit om ein kebabsjappe her i Bergen, som skjærer kjøttet i flak, og ikkje i bitar, så please, please sei i frå
)
I Oslo er dei flink på kebab, og tydelegvis også i lille Florø. Eine venninna mi bestilte kebab og jammen hadde dei ikkje greidd å skjære flak i staden for bitar. Eg måtte sjølvsagt stele eit par, og kebaben smakte perfekt
Men i følge matekspertene Roger og Monica, er framleis den beste kebaben å finne på Svalbard.









2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by