Komedie – 2009

Det burde kanskje heite “visst film kunne drepe”, i staden for “visst blikk kunne drepe”… Neidå, den var ikkje så ille. Det er berre det at eg får ein kjensle av at boka er verdt å lese, men filmen drepte historia heilt.
Plot.
Ein journalist, Bob, innser at han må gjere noko med livet etter at ein kollega døyr og kona går frå han. Han drar då til Irak for å prøve å finne den beste historien, primært for å få kona tilbake. Her vert han kjent med Jedi soldaten Lyn, og ein ny verden åpner seg.
Filmen vekslar med å vise Lyn og Bobs reise i dagens Irak, og underlege, millitære eksperimenter frå 1980 talet, eksperimenter som bl. a. omhandlar tankekontroll, synskhet, stirre geiter til døde og andre rare påfunn. Samt at filmen prøver å vise filosofien som låg til grunn for desse eksperimenta og korleis og kvifor filosofien endra seg etterkvart.
Så kvifor vart filmen så utroleg keisam og lite fengane? George Clooney gjer ein kjempejobb i rolla til Lyn, og det er fleire andre knallgode karakterar der. Det ligger ein lun humor i sjølve filmen, men den er for lågmelt til den greier å trekker filmen opp. Det er ein del hysterisk morosame scener, men det vert for langt mellom dei, og dei fleste er allereide vist i traileren. Dei to ulike historiene fungerar ikkje som dei skal saman. Fortellermessig vart filmen berre langtekkeleg. Filmen vart korkje fisk eller kanari, eg er einig med Dagbladet som skriv at den flyt for mykje ut.
Men om ikkje anna så har filmen gjordt meg nyfiken på boka den bygger på: Jon Ronson: The men Who Stare at Goats.









2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by
Lenge siden jeg så en film at jeg nesten sovna av kjedsomhet. Denne er den kjedligste filmen jeg har sett på lenge
1/6. Arti å se at du fremdeles leser bloggen min
Jeg er nok innom deg rett som det er jeg og men skulle kanskje vært flinkere til å kommentere ^.^
Kjekt at du kjem innom her og, sjølv om det ikkje er så mykje som skjer på blogggen for tida. Syns du er veldig flink å kommentere, verre med meg
Jo da, leser bloggen din, leste om denne filmen og før eg såg den. Men eg tenkte, George Clooney, kor ille kan det vere. Men du hadde rett, som alltid