Eg såg dette innslaget på Nrk lokalnyhende i dag, og det sette verkeleg eit støkk i meg. No skal det verte forbode å hjelpe menneske som oppheld seg ulovleg i landet.

Eg må sei at tankane mine gjekk tilbake til 2.verdskrig og forfølginga av jødane. Då var det og forbode og hjelpe. Dessverre så har vi alltid vore så  lydige her i landet, og kanskje var dette grunnen til at alt for mange norske jødar vart henta av nazistane, i motsetnad til t.d. Danmark der nesten alle vart redda.

Vel, eg håper at vi ikkje er så lydige lenger, for no skal det endå ein gong verte lovfesta at ein ikkje skal hjelpe folk i nød!!!? (§ 108 3.ledd. bokstav a)

No er det sjølvsagt ikkje noko liv å leve ulovleg i eit land. Men utlendingsnemda kan og gjere feil, tragiske sjebner venter i så fall. Når ei utsending strider mot alt av det du har lært om menneskesyn, verdiar, fornuft og korleis ein kan tillete seg å  behandle folk , då må det vere lov til å vere medmenneske og kunne hjelpe utan å verte straffa for det.

I Florø har vi ei tragisk  sak gåande for tida. Lille Simon og far hans, vart brutalt sendt ut av landet. No lever dei på gata i Italia. Historia kan du lese her.

Takk for meg

Bilete

Sendt rett på gata

Ikkje vurdert på humanitært grunnlag

Heile byen støtta Simon

Å synleggjere slike historiar er viktig tykkjer eg, for det er faktisk einskildskjebnadar som står bak tala i innvandringsdebattane. Og, vi kan ikkje verte så blaserte at vi ikkje bryr oss lenger.

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. Both comments and pings are currently closed.

Comments are closed.