Ettersom eg er midt inne i eksamensperioden min, så tyr eg til enkle løysingar som youtubesnuttar. Her kjem ein snutt som eg håpar ikkje er eit seriøst forsøk på å lokke til seg folk til Hadsel kommune 8-) Kan ikkje tru den fremmer korkje heimlengsel eller lyst til å slå seg ned der. Men ettersom eg likar skrekksjangeren så tek eg den med.
Så over til saken.
Dagbladet melder at kvinnemangel på bygdene er like ille som klimaendringar. No skal ikkje eg gje meg ut på nokre djupe spekulasjonar om kvifor kvinner rømmer bygda, men Dagbladet avsluttar artikkelen med:
Å lokke til seg kvinner med å vise til at bygda er et glimrende sted for fiske og jakt er ikke nødvendigvis et bra sjakktrekk, mener Almli. (NTB)
Eg må nesten sei meg einig, for etter å ha sett den skrekkfilminspirerte ”reklamefilmen” for kommunen Hadsel, så kan eg godt forstå at bygdeNoreg slit med å få tak i kvinner
Legg særleg merke til den fantastiske musikken.









2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by