Archive for » January, 2010 «

Category: Mine bilete:)  Tags:  Leave a Comment

Category: Youtube video  Tags:  Leave a Comment
24
Jan
2010

No er det ein del år sidan eg flytta frå Florø, så eg er ikkje særleg oppdatert på rykte og intrigar derifrå. Det kan difor ligge noko meir bakom her som eg ikkje har fått med meg. Men, men, ein slik artikkel gjev meg nesten heimlengsel :roll:

Det er ikkje lett å verte akseptert om ein ikkje er ekte Florøværing, eller? Og ein styreleiar frå Kalvåg… Nei, det går verkeleg ikkje an, og ikkje er det særleg inkluderande heller. (Ehh, kva var det ordet “inkluderande” betydde no igjen?) :-)

Trykk på biletet for å gjere det større

Klippa frå Firdaposten

Skulekorpset ved barneskulen i Florø har ein styreleiar frå Kalvåg, noko mange stiller spørjeteikn ved“.  (????)

Category: I media  Tags: , ,  2 Comments

NB! Pga. plassmangel i lokalet er denne foredragsserien dessverre kun forbeholdt menn.

Hmmm….  Det finnast alltid unnskyldningar for diskriminering. Å tilby kunnskap og nettverksbygging  kun til menn, visar eit heller slett menneskesyn. Men religiøse miljø fornektar seg aldri.

NB: Trykk på biletet for full størrelse.

18
Jan
2010

Norsk drama/thriller – 2008

Dette er eit klassisk plot der Jonny byrjar som seljar i eit firma, sel sjela si, så går det litt fram og tilbake, og vi lurar på om han tek sjela si tilbake (blir “god” igjen).

Filmen byrjar med at Jonny må gjere eit heller tvilsamt sal for å bevise at han høyrer til i firmaet til Sagen. Vidare må han vise at han gjer absolutt alt for å bli i jobben, noko han og gjer. Men han vert likevel dolka i ryggen av sjefen, Sagen. Samstundes får han vite at broren og Sagen er bitre uvener. Broren har jobba for Sagen tidlegare, og det viste seg at grunna dårleg arbeidsmiljø/luft, så er broren alvorleg sjuk. Dei tidlegare kollegaene hans er enten døde eller døyande. Jonny hjelper broren med å finne dokumentasjon på at Sagen visste at han dreiv ulovleg, at han visste dei tilsette pusta inn farlege gassar. Men gjer Jonny verkeleg dette for broren, eller har han eit anna motiv?

Det var litt irriterande og rotete filming til tider, med flashback som eg ikkje heilt skjønte grunnen til. Kanskje var det for å vise korleis Jonny sleit med kva han skulle velje? Det var og eit par lydspor som var lagt feil i forhold til filminga, kanskje med eit eller anna formål, utan at eg forstod noko av det.

Miljøet som filmen er lagt til verkar for meg svært kunstig og lite realistisk. Men no jobbar eg og dei fleste eg kjenner i såkalla lågtlønsyrke, så kva veit no eg.

Ellers så bygger filmen opp til noko heile vegen, for så å avbryte. Den når liksom aldri heilt opp til kva den lovar.  Men den har eit par flotte naturbilete.

Det er ikkje den verste filmen eg har sett. Den kan kanskje vere spanande i og med at den bygger opp til noko heile tida. Og den var kanskje betre enn den forrige filmen eg såg, “The Men Who Stare at Goats”.

Men……, nei, eg trur ikkje eg anbefalar denne filmen vidare. Men eg får vel nemne at eg i utgongspunktet ikkje er så glad i dramafilmer :roll:

Komedie – 2009

Det burde kanskje heite “visst film kunne drepe”, i staden for “visst blikk kunne drepe”… Neidå, den var ikkje så ille. Det er berre det at eg får ein kjensle av at boka er verdt å lese, men filmen drepte historia heilt.

Plot.

Ein journalist, Bob, innser at han må gjere noko med livet etter at ein kollega døyr og kona går frå han. Han drar då til Irak for å prøve å finne den beste historien, primært for å få kona tilbake. Her vert han kjent med Jedi soldaten Lyn, og ein ny verden åpner seg.

Filmen vekslar med å vise Lyn og Bobs reise i dagens Irak, og underlege, millitære eksperimenter frå 1980 talet, eksperimenter som bl. a. omhandlar tankekontroll, synskhet, stirre geiter til døde og andre rare påfunn. Samt at filmen prøver å vise filosofien som låg til grunn for desse eksperimenta og korleis og kvifor filosofien endra seg etterkvart.

Så kvifor vart filmen så utroleg keisam og lite fengane? George Clooney gjer ein kjempejobb i rolla til Lyn, og det er fleire andre knallgode karakterar der. Det ligger ein lun humor i sjølve filmen, men den er for lågmelt til den greier å trekker filmen opp. Det er ein del hysterisk morosame scener, men det vert for langt mellom dei, og dei fleste er allereide vist i traileren. Dei to ulike historiene fungerar ikkje som dei skal saman. Fortellermessig vart filmen berre langtekkeleg.  Filmen vart korkje fisk eller kanari, eg er einig med Dagbladet som skriv at den flyt for mykje ut.

Men om ikkje anna så har filmen gjordt meg nyfiken på boka den bygger på: Jon Ronson: The men Who Stare at Goats.

Category: Komedie  Tags: ,  2 Comments

Dagbladet melder at “gulvet raste sammen da slankeklubben skulle veie seg”.

Hmmm….  Kanskje ein berre må innsjå at slik utviklinga er no, så får ein  berre investere i solide hus og møblar :-)

Category: I media  Tags:  Leave a Comment