Archive for the Category »Bøker «

15
Mar
2010

Postcard Killers av Liza Marklund og James Patterson.

Krim – 2010

Plot: Unge par vert myrda over heile Europa. Til slutt kjem døden til Sverige, og journalist Dessie vert dratt inn i saka. Med morda føljer og ein politimannen frå USA, far til eit av dei første offera.

Går det an å kalle ei bok for actionbok? Boka har fullt trykk frå første side, og vert ikkje noko mindre intens vidare utover. Men den er veldig tynn. Den har ikkje noko anna å bidra med enn actioninntrykket. Ein ser heile tida kor historia tek vegen, den har ingen overraskingar, og slutten er vel lettvint.

Boka ga grei underhaldning. Den krevde ingen konsentrasjon, så den var fin og ha på ei uroleg nattevakt.

Roman, historie – 2002.

“En beretning om grådighet, forferdelser og heroisme i kolonitidens Afrika”.

kongo
Kong Leopold

Dette er ei brutal, men interessant bok. Den famnar vidt og tek bl.a. for seg politiske forhold, ulike menneskesyn, den visar forløparen til menneskeretts og press gruppar,  samt den beskriver propaganda og politisk manipulasjon på høgt nivå. I tillegg vert vi kjent med ulike historiske personar og ulike straumningar rundt århundreskiftet. Alt skrivi på ein lett og underhaldane måte. Sidan boka er så innhaldsrik tykkjer eg det er vanskeleg å gje ein fullgod omtale av den.

Som ramme for boka brukar forfattaren det forferdelege regimet som fantest i Kongo rundt århundreskiftet. ( I hovudsak 1885 – 1908, men overgrepa befolkninga fortsette nok i mange år etter dette).

Boka tek for seg Kong Leopolds evne til å manipulere og styre omgjevnadane rundt seg, slik at han kunne realisere sin draum om ein eigen privat koloni der han hadde absolutt all makt. Etter at han hadde fått den etterlengta kolonien sin i Kongo, laga han eit regime som utrydda halve befolkninga der. Minst 10 millionar menneske vart drept, og mange fleire vart torturert og lemlesta. For ikkje å snakke om alle dei som vart gjort til slavar.

Vidare plyndra han landet for elfenbein og gummi, og slik vart han  ein av dei rikaste mennene i Europa. Alt imens han ga inntrykk av at han ikkje hadde økonomiske interessar i Kongo. Kong Leopold påstod at han var humanist,  og han påstod vidare at hans interesse lå i å å skape sivilisasjon, samt redde  befolkninga frå dei “forferdelege” arabiske slavehandlarane.

Boka har via stor plass til personen og oppdagaren Henry Stanley, det var han som “oppdaga” landet, og han var ein viktig brikke i det som skjedde vidare. Vi vert og kjent med bl.a. karakterar som kan ha vore forbiletet til Kurtz i Mørkets hjerte. Ikkje noko lystig kjennskap.

Forfattaren tek og for seg dei mekanismane som er i sving når menneske kan få seg til å gjere så mykje grusomt mot andre menneske. Forfattaren dreg linjer mellom det som skjedde i Kongo,  til konsentrasjonsleirane til naziane og til Gulagleirane til Sovjet.

Vi får eit lite innblikk i korleis Kongo var før europearane øydela det. Særleg inntrykk gjer fortellinga om det høgt utvikla og velfungerande samfunnet som fantest i kubakongeriket. I løpet av få år vart dette samfunnet øydelagt, og folket der vart enten drept eller gjort til slavar.

E.D._Morel
Morel

Det finnast heldigvis og lyspunkt i boka, det finnast menneske som reagerar på det dei ser, og som gjer noko med det. Ein kan sei at kampen for Kongo, er foreløparen til dagens menneskerettsorganisasjonar.

Personen som forfattaren særleg dreg fram er Edmund Morel. Mannen som stod på kaia i Antwerpen og såg all rikdommen som kom til landet, og som reagerte på at det ikkje vart transportert nokre varer tilbake til Kongo. Han forstod då at det var snakk om slaveri, og ofra karrieren sin for å vie livet sitt til å kjempe for folket i Kongo. Saman med Roger Casement fekk han stor gjennomlagskraft både i Europa og i Amerika.

Roger Casement var irsk. Og som ire kjente han brorskap med kongolesarane, samt andre undertrykte folk.

180px-George_W._Williams_from_History_of_Negro_Troops
Williams

Eit anna namn det er verdt og merke seg er Georg Washington Williams, han var med på å endre opinionen til Kongos fordel.

For ikkje å gløyme William H. Sheppard, misjonæren og oppdagaren som var den første framande som fekk besøke kubakongerikets hovudstad. Han vart forøvrig seinare saksøkt og stilt for retten for å ha dokumentert brutaliteten i Kongostaten.

I tillegg var det mange misjonærar som prøvde å gjere verda merksam på kva som skjedde i Kongo, utan at dei hadde så stor gjennomslagskraft.

Dessverre var ikkje brutaliseringa og nedslaktinga av menneska unikt for Kongo, det var heller vanleg i dei forskjellige  koloniane på dei tidar. Men det var Kongo som fekk mest merksemd sidan dei hadde sine forkjemparar.

Eg vil anbefale denne boka til alle. Den er interessant, den gjev perspektiv, og den er skrive på ein slik måte at den ikkje vert keisam.  Vi kjem under huden på dei ulike karakterande i boka.  Dette gjer den spanande og lettlest. Ei anna omtale om boka finn du her.

Roger_Casement
Casement


Sheppard
W. Sheppard











Sjølv om det ikkje kjem fram i boka, så var og nordmenn aktiv i Kongo på Leopolds tid. Du kan lese meir om dette i Aftenposten, eller her hos kulturhistorisk museum.

joleik

Wanga, Albert og Olav Joleik

Men sidan eg er frå Florø, så er det Albert Joleik som fangar mi interesse. Filogen, realisten, offiseren, bladmannen, omsetjaren, bygdebokforfattaren og gardbrukaren som i tillegg til alt dette tilbrakte nokre år  i Kongo. Der fekk han ein son i lag med Wanga. Då Albert skulle reise heim att tok han både kona og sonen med seg. Men Wanga snudde då ho såg havet, sonen derimot vart med til Noreg. Han heitte Olav og vaks opp i Florø, som den “første negeren i Sunnfjord”. Eg trur faktisk eg hugsar han frå då eg var liten.

Albert og Olav Joleik

Sjølv om Albert Joleik ikkje ville snakke om forholda i Kongo, kan eit forsvarsskrift tyde på at han hadde falt for Kong Leopolds propaganda. På ei annan side så kan det og ha vore ein forsvarsmekanisme /benektelse på alt han hadde opplevd i Kongo. Han meinte bl.a. at kritikken mot Kongo for det meste kom frå Storbritannia, og den kom fordi britane generelt var  misunneleg på kva belgiarane fekk til der nede.

Ja, det var nok om Kongo for denne gong. Sjølv om det er ein viktig historie som nesten gjekk i gløymeboka. Det er eigentleg utroleg at at eit massemord og ein brutalisering av denne størrelsesorden  ikkje er meir kjendt. Det er tross alt ikkje så lenge sidan.

kongo kart

Krim – 2009

No er det ei stund sidan eg har lest Anne Holt. Dette er den fjerde krimmen med med ekteparet Inger Johanne Vik og Yngvar Stubø, henholdsvis kriminolog og Kripos-etterforsker. Eg trur eg berre har  lest ei bok av denne serien tidlegare, nærare bestemt “Presidentens valg”. Grunnen til det er ikkje at  boka var dårleg, og eg har alltid gleda meg til nye romanar frå Anne Holt, men eg har dessverre hatt alt for liten tid til krimromaner dei siste åra. Men no gler eg meg til å ta fatt på det tapte :-)

anne holt pengemannenBoka innheld igrunnen fleire forskjellige historiar som til slutt vert vevd saman.

-Hovudkrimmen handlar om biskopen som vert drepen på open gate i Bergen, om familien hennar og kva dei skjular.

-Vi vert og godt kjent med Johanne Vik si datter, Kristiane, og deira  mor / datter forhold.

- Så får vi eit kort innblikk i eit narkomant søskenpar sitt liv. Samt nokre gutteprostituerte.

I tillegg møter vi eit lesbisk par, der den eine parten er forsvunnet, ein homofil kunstnar og til slutt eit homofilt par, der den eine parten har kome til pengar gjennom arv.

Men mest av alt handlar boka om hatkriminalitet, om ulike grupper som med velsignelse av Gud og Allah, er i stand til å drepe for si overbevisning.

Eg vil ikkje sei at dette er ei vanleg krimbok. Det er krimgåta som bind boka saman, men det er like mykje ei bok om fordommer, om urasjonelt hat og om kva som er akseptabelt av dette  i samfunnet vårt i dag. Eg har eigentleg inntrykk av at krimmen er meir eit bakteppe for historia, og det er andre ting forfattaren vil ha fram.

Men boka er nydeleg, vi får gode personskildringar og eit innblikk i tilværa til dei forskjellige aktørane i boka. Særleg søtt er portrettet av 14 årige Kristiane, barnet som er litt annleis. Og særleg grusom er historia om den unge gateprostiuerte gutten. Det er synd vi ikkje får høyre noko meir om korleis det gjekk med han, men det kjem kanskje i seinare bøker? Kanskje han vert redda på same måte som “Marry” har blitt tidlegare i Anne Holt sine bøker?

Sjølv om eg ikkje oppfattar dette som ei krimbok i tradisjonell forstand, er den absolutt verdt å få med seg. Anne Holt skriver knakande godt, ho engasjerar og dette er ei bok det er vanskeleg å legge frå seg.

Category: Bøker  Tags: ,  One Comment

Krim – 2009

PanserhjerteEin seriemordar er igjen laus i Oslo. Han drep ofra sine på ein særs sadistisk måte. Voldsavsnittet og kripos står heilt fast, og Harry Hole vert henta frå Hong Kong for å bistå, om enn noko motvillig.

Men er det verkeleg ein seriemordar i ordets rette forstand? Eller er det ein fellesnemnar mellom ofra som gjer at dei vert myrda? Og kva skjedde på hytta oppe på Ustaoset den natta?

I tillegg så går det for seg  ein skitten rivalisering mellom voldsavsnittet og kripos, noko som heller ikkje hjelper etterforskinga.

Jo Nesbø er ein av mine favorittforfattarar, og han skuffa ikkje denne gongen heller. Handlinga har god driv, ein vert nyskjerrig og ein engasjerar seg i dei ulike karakterane. Når det gjeld kor truverdig karakterane er, så har eg litt større problem, men det står ikkje i vegen for innlevinga i historia. Han har ein del henvisningar til “snømannen”, men boka står likevel godt åleine. Alt i alt ei god og underhaldande krimbok.

jo nesbø

Jo Nesbø

Men det eg tykkjer er litt rart med Jo Nesbø sine bøker, (eller meg) er at eg gløymer dei ganske fort. Eg hugsar som regel at eg likte boka då eg leste den, men eg må ha mange påminningar for å hugse handlinga og innhaldet. Eg veit ikkje om det betyr at han skriv ganske typisk for sin genre? Men uansett, han ligger i såfall i toppsjiktet når det gjeld underhaldning der og då :-)

 


Category: Bøker  Tags: ,  4 Comments

Krim 2009

paradisetPlot: Annika jobbar i nattredaksjonen til avisa Kvällspressen då hun får tips om en underlig stifting som heter Paradiset. Paradiset beskytter og “slettar” menneske som er blitt trua på livet. Men når Annika skal undersøke stiftinga nærare, visar det seg at alt er ikkje slik det skal vere.

Denne gongen er det mishandla kvinner samt kriminelle austeuropearar som står i fokus. Vi får og vere med på at Annika møter mannen i sitt liv. Sjølv om det er lagt stor vekt på privatlivet til Annika i denne boka, så passar det godt inn i historia og opplevast ikkje som irriterande.

I denne boka synast eg ikkje den vanlege “oppskrifta” til Marklund om oppbygginga av historiene kjem så tydeleg fram som i dei andre bøkene ho har skrive. Nokre  moment er sjølvsagt med her også, t.d. at vi får eit innblikk i Aida sine tankar om kva som eigentleg skjedde då ho vart likvidert.

No kjenner eg at eg byrjar å bli litt lei Liza Marklund og hennes Annika. Så no er det snart på tide å lese bøker av andre forfattarar. Men når det er sagt, så var “paradiset” absolutt ei god bok. Godt skrive som alle Marklund sine bøker, spanande og med gode karakterskildringar.

Category: Bøker  Tags: ,  Leave a Comment

Politisk dokumentar, debattinnlegg – 2007

frp_koden_bokfull

Carl I. Hagen lykkes med sitt livsverk. Siv Jensen stiger til topps. Hva skjer?

Fremskrittspartiets framgang blant arbeidsfolk trenger en forklaring, mente Magnus E. Marsdal. Han sa opp journalistjobben, oppsøkte amcarmiljøet på Østlandet og dro til det såkalte Harrysyden – for å høre Frp-velgernes egne fortellinger.

Frp-koden handler om en bilarbeider og hans gamle mor, Arbeiderpartiet som forsvant, og respekt for Grandiosa. Lag for lag avdekkes forklaringene på noe Marsdal mener er et mysterium: Hvordan kan så sympatiske mennesker stemme på det han synes er Norges mest usympatiske parti?

Omtale og bilete henta frå Manifest.

Eg må sei eg kjenner meg godt igjen når det gjeld t.d. omtalen av Arbeiderpartiet og dei andre partia. Eg kjenner meg og igjen i at vi har eit klassesamfunn her i Noreg. Eg har sjølv lurt på utsegn som t.d.  ”at nordmenn ikkje jobbar lenger, vi berre går i møte”.  (vart uttalt til eit innslag om Noreg i CBS programmet 60- minutes, for eit par år sidan). Dette er ein røyndom som eg ikkje kjenner meg igjen i. Og eg har ofte kjent på at yrker som t.d. mitt vert usynleggjort i media.

I motsetnad til forfattaren så kjenner eg mange som stemmer Frp, og eg kjem frå eit miljø der Frp er stuereint. At dei er eit protestparti mot det etablerte og “finkulturelle” er heilt klart. Men det ligg nok og ein del andre motiv bak for å stemme Frp. Blant dei eg kjenner og har snakka med kjem innvandring ganske høgt opp. Samstundes så er ikkje kunnskapen om politikk og kva dei forskjellige partia står for, så god hos dei eg kjenner (meg sjølv inkludert), som hos dei personane som Marsdal har intervjua. Så då fell litt av grunnlaget til konklusjonen til Marsdal vekk. (eller den vert styrka, alt etter korleis ein ser det). I tillegg kan det virke som at Frp lokalpolitisk ofte fører ein anna politikk enn det moderpartiet står for, lokalpolitikarane har mistolka Frp-politikken, og her trur eg nok dei har sanka ein del stemmer.

Alt i alt så likte eg boka, og eg kjente meg som sagt igjen i mykje av det som stod der.  No skal eg vere den første til å innrømme at eg vert veldig lett påverka, eg godtar det eg leser og synast at mykje kan sjå svært fornuftig ut ved første blikk. Men nok om det. Boka var ryddig oppbygd, informativ, lettlest og interessant. Anbefaler den gjerne vidare, spesielt til dei som går i tankar om å stemme Frp til hausten. Kanskje denne kan få dei på andre tankar?

01
Aug
2009

den rode vargenDen røde vargen – svensk krim. 2003. (2009).

En journalist blir drept i Luleå, og Annika Bengtzon finner en kobling mellom drapet og et attentat mot flybasen F21 på slutten av 60-tallet. Hemmelighetene er mange og livsfarlige, og Annika blir dratt inn i en spiral av vold og terrorisme som fører helt opp til regjeringsnivå. Stikk i strid med sjefsredaktørens uttrykkelige ordre vegrer hun seg for å slippe taket i historien. Situasjonen begynner å bli uholdbar både på jobben og hjemme, og for å overleve som menneske, kvinne og journalist må Annika utfordre både det politiske etablissementet, mediatoppene, sjefen og sin egen moral.

Nobels testamente – svensk krim. 2006.Nobels testamente

Når Nobelkomiteens leder, Caroline von Behring, blir skutt på Nobelfesten er Annika Bengtzon vitne til det som skjer. Samtidig får ektemannen Thomas ny jobb, familien flytter, vennene svikter og jobben hennes er i faresonen. Annikas nye nabo, forskeren Ebba Romanova, åpner opp en ny verden for henne, en verden av vitenskap, legemiddelindustri, terror og død. Alle spor leder mot Alfred Nobel, og Annika innser at løsninga på gåten kan ligge i Nobels testamente.

sprengerenSprengeren – svensk krim. 1998. (2009).

En bombe ødelegger det nye Olympiastadion. I restene finner man levningene av OL-sjefen Christina Furhage. Om et halvt år skal de Olympiske sommerleker holdes i Stockholm. Er dette begynnelsen på en terrorbølge? I Kvällspressen sitter Annika Bengtzon. Hun får i oppdrag å dekke mordet. Hun begynner å nøste i offerets fortid. Det finnes noe under Christina Furhages perfekte ytre som har utløst udåden. Uten å være klar over det setter Annika i gang krefter som til slutt setter hennes eget liv i fare.

Omtaler og bilete er henta frå bokklubben.

Liza Marklund er den perfekte ferielektyre; spanande, lettlest og underhaldande.

Men det som er keisamt når ein les fleire bøker av same forfattar på rad, er at ein legg merke til kor like bøkene er. Hos Marklund kjem dette ekstra tydeleg fram. Bøkene er heilt likt oppbygd. Likevel, oppskrifta er god, og bøkene er jamt gode.

Eg likar og at ho set fokus på ulike problemstillingar i dei forskjellige bøkene. I sprengeren var det om likestilling og  kvinner i mannsdominerte yrker, alltid eit aktuelt tema. I Nobels testamente var det terrorlover og etiske problemstillingar rundt dette temaet. Og i Den røde vargen fekk vi eit innblikk i kommunisme og kulturen som herja for nokre tiår tilbake, samt korleis korrupte politikere kan gjere inngrep på område dei ikkje har noko å gjere.

Eg tykkjer at Liza Marklund skriv både godt og underhaldane, sjølv om bøkene er svært likt bygd opp, så er kvar einskild verdt å få med seg.

 

Category: Bøker  Tags: ,  Leave a Comment