Archive for the Category »Sci-fi «

02
nov
2010

Sci-fi/Drama – 2009

Regissør: Vincenzo Natali

Plot: I jakten på eit protein som kan kurere mange sjukdommar har eit ungt forskarpar, (spela av Adrien Brody og Sarah Polley)  dyrka fram nokre skjønne?? skapningar, Ginger og Fred. Men denne suksessen er ikkje nok. I løyndom frå både arbeidsgjevar og alle andre, så spleisar dei DNA frå menneske og dyr, og vips så har dei skapt eit vesen som kan minne om eit menneske, men som og har meir urovekkande eigenskapar. Vesenet, spela av Delphine Chanéac, utviklar seg rask, og snart vert det etisk uforsvarleg å avlive det. Det får namnet Dren. Eksperimentet kjem ut av kontroll, for Dren er ikkje den lettaste korkje å skjule eller kontrollere. Forskarparet befinner seg plutseleg i ein foreldrerolle, og slit litt med oppsedinga av vesenet. I tillegg så går det ikkje så bra for  Ginger og Fred. Vil det same skje med Dren?

Eg er ikkje noko fan av korkje sci-fi eller drama, men denne filmen likte eg.Plottet kan høyras litt tvilsamt ut, men det funka faktisk. Eg hadde forventa meg ein grøssar, men i staden vart det ein dramafilm som heller la vekt på dei etiske problemstillingane ved å dyrke fram kunstig liv. Og litt familiedrama slepp vi heller ikkje unna. Samstundes gjorde sci-fi delen til at filmen ikkje vart keisam. Vesenet utvikla seg i eit forrykande tempo frå baby, til barn, til tenåring og til vaksen, noko som var med på å drive filmen framover. Skodespelarane fenga, og spesialeffektane kom seg utover filmen. Den vart truverdig. Filmen var litt for forutsigbar på slutten, og det kunne ha vore artig med ein litt meir orginal slutt, men bortsett frå det så var den jamt over bra.

Ein film som absolutt er verdt å få med seg.

Category: Drama, Sci-fi  Tags: , , ,  Comments off
17
aug
2009

Action, sci-fi, splatter, komedie – 1987

Regi: Peter Jackson

bad tasteEtter å ha sett Braidead, var eg litt skeptisk til å sjå Bad Taste. Kollegaen min påstod at denne var endå verre. Det var den heldigvis ikkje. Bad Taste er debutfilmen til Peter Jackson, seinare kjent for Lord of the Rings. Filmen er spela inn over fire år av PJ og venane hans. Dei hadde ikkje råd til kostyme, så i første halvdel av filmen så kjenner vi igjen romvesene på klerna deira.

Plot. Ein intergalaktisk hamburgerkjede har besøkt jorda for å finne ingredienser til deira nye delikatesse. Nemleg hamburgarar laga av menneskekjøt. “The boys” har fått i oppdrag å stoppe romvesene.

Filmen har masse action og ein stor dose humor. Ikkje mykje dødtid her nei. Som i Braindead, er det her  så mykje overdrivelse, dumme vitsar og fantasifulle løysingar som gjer at filmen faktisk vert ganske fasinerande. Eg må nok gje ein firar til denne og.

Category: action, Komedie, Sci-fi, splatter  Tags: , , , , ,  Comments off
04
jul
2009

Action / Drama / Fantasy / Sci-Fi / Thriller – 2009.

Regi: Zack Snyder

waman

Plot: “Watchmen” er en kompleks superhelthistorie fra et alternativt Amerika anno 1985. Richard Nixon er valgt for sin tredje presidentperiode, utkledde superhelter er bannlyst av samfunnet og USA og Sovjetunionen står på randen av tredje verdenskrig.

Når en av hans tidligere kolleger blir drept, setter den avdankede hevneren Rorschach ut for å avdekke et plott om å drepe og vannære alle tidligere og nåværende superhelter. Han slår seg sammen med sin tidligere kriminalitetsbekjempende gruppe – en sjuskete gruppe pensjonert superhelter hvor bare én av dem virkelig har superkrefter. Rorschach øyner snart en omfattende og urovekkende konspirasjon med røtter tilbake til deres felles fortid og med katastrofale konsekvenser for fremtiden. Deres oppgave er å passe på menneskeheten … men hvem er det som passer på the Watchmen?

Watchmen ble opprinnelig utgitt av DC Comics som en tegneserie i 12 deler mellom 1986 og 1987, før den ble samlet og gitt ut i bokform. Dette er den eneste grafiske romanen som har vunnet den prestisjefylte Hugo Award og som har blitt utnevnt til en av de 100 beste engelske romanene, fra 1923 til nåtid, av Times Magazine (Tekst henta frå Oslokino.no).

Igjen, så var det kollegaen min som tvang igjennom filmen. Eg hadde valet mellom denne , “Mega Shark vs Giant Octopus” eller “Monster Slayer”. Då vart det Watchmen. Og igjen, så må eg krype til korset og innrømme at eg faktisk likte filmen.

Eg hadde særleg sansen for stemninga i filmen, musikken og filminga. I tillegg så var historia rimeleg grei og underhaldane. Eg la faktisk ikkje merke til at filmen varte i tre timar(director’s cut).

Eg tror absolutt eg må gå tilbake på at eg ikkje likar filmar med superheltar :roll:

Category: action, Drama, Fantasi, Sci-fi, Thriller  Tags: , , , , , ,  Comments off
07
jun
2009

Action, sci-fi  2009.

Ei gruppe unge med overnaturlige krefter prøver  å gøyme seg frå ein hemmeleg amerikansk myndighet, som vil bruke dei som våpen. For å unngå myndigheita, samt hjelpe andre i same situasjon, må dei gå sammen og utnytte sine ulike krefter og evner.

Fartfylt, underhaldande og bra action. Mange gode scener og bra historie. Eg trur eg kanskje må trekke tilbake at eg ikkje likar sci-fi.

Category: action, Sci-fi  Tags: ,  Comments off

Skrekk, Sci-fi-action – 2008

riceofthelycans

Filmen fortel om opprinninga til striden mellom dei aristokratiske vampyrane og deira tidlegare slaver, varulvane (Lycans).Varulven og slaven Lucian har eit forhold til dottera til vampyrkongen Viktor. Lucian leiar og varulvane sin kamp for å verte fri.

Eg har tidlegare berre sett film nr. 2, og denne henviser nok ein del til film nr. 1. Den sluttar og der film nr. 1 byrjar.

Eg kan ikkje noko for det, eg diggar vampyrar og varulvar, og denne skuffa ikkje. Filmen byr og på rikeleg med action og noko romantikk.

Kollegaen min som har sett film nr. 1, synast den var litt keisamt sidan han visste utfallet av filmen, så han meinte dei to andre var betre.

Category: action, Sci-fi, Skrekk /grøssar  Tags: , , ,  Comments off

sciencefiction – 1951

Må faktisk sei at eg likte orginalen betre enn oppfølgaren frå 2008. I orginalen skjønte eg kvifor namnet på filmen er “The Day the Earth Stood Still”. I tillegg var det fasinerande og sjå korleis dei i 1951 førestilte seg at eit avansert romskip skulle sjå ut. Veldig bra film for å vere så gamal, skjønner godt kvifor den er blitt ein klassikar.

Category: Sci-fi  Tags:  Comments off