Archive for the Category »Sørstrand «

I Firdaposten 4. mai kunne vi lese:

liker sørstrand 2Trykk på biletet for å gjere det større.

Berre for nokre få år sida var Sørstrand ein plass dei færraste i Florø hadde vore. Det var ein bortgøymt perle. Så fekk Magne Hovland ein ide om sandstrand, og om å opne opp området for fleire. Og sjå på det no. Staden er godt besøkt av folk i alle aldersgrupper, og har for mange blitt ein del av Florø si identitet. All ære til Magne og gjengen i Sørstrand Folkepark!

Rart kor store utslag ein liten ide kan ha for eit lokalsamfunn….

Sørstrand 2007 – 2013

Her er meir om Sørstrand

Category: Litt av kvart, Sørstrand  Tags: ,  Comments off

Eg har tidlegare skrive om Bergen Sjøfartsmuseum, som ønsker å undersøke havbotnen utanfor Sørstrand. Og at eg tykkjer at det er riv ruskande galt at ein dugnadsgjeng, som gjer arbeid på land, må betale for utgravingar i sjøen. Men dessverre så ser det ut som at Sjøfartsmuseet vinner i denne omgangen.

Eg har sett gjennom dei dokumenta som ligg tilgjengeleg på nett, og eg kan ikkje sjå at dei vil svare på korleis arbeid på land berørar event. fortidsminne under vann.

Forstå meg rett, eg ville synast at det hadde vore kjempespanande om dei fann noko, og forskingsprosjektet dei held på med: “kartlegging av potensialet for steinalder under vann“, virkar svært interessant. Men eg tykkjer det blir feil å belaste Stiftinga Sørstrand Folkepark for det. Dei planane som dugnadsgjengen bak stiftinga Sørstrand Folkepark har for området er landbasert, og vil difor ikkje røre ved eventuelle kultur/ fortidsminner som ligg i sjøbotnen. I tillegg så består Stiftinga Sørstrand Folkepark, som tidlegare nemnt, av dugnadsfolk som ikkje eig noko i området, og som ikkje har noko økonomisk vinst av området.

Her er samtalane eg har funnet rundt emnet:

Lenke til heile dokumentet:

Vedr. Områdereguleringsplan for Sørstrand/Austvik, Flora kommune. Forholdet til marine kulturminne $ Krav om marinarkeologiske registreringar. Me viser til e$post m/vedlegg oversendt frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Saka har vore til vurdering ved Bergens Sjøfartsmuseum. Søknaden gjeld områdereguleringsplan for Sørstrand/Austvik i Flora kommune. Museet kjenner ikkje til marine kulturminne som kan bli direkte råka av tiltaket. Tiltaksområdet ligger derimot i eit område med potensial for steinalder buplassar ned til 5 m under dagens havnivå. Ved tidligare undersøkingar i nærleika av Florø har Bergens Sjøfartsmuseum avdekka lag med sedimenter på sjøbotnen kor det er eit potensial for buplassar frå steinalder under vatn[1]<outbind://32/#_ftn1>. Potensialet for verna eller automatisk freda kulturminne på sjøbotnen vurderar me derfor for å være til stede. Bergens Sjøfartsmuseum krev som vedkommande myndigheit etter føresegnene ved Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne, §§ 9 og 14, undersøkingar av om det kan være skipsfunn eller andre marine eller maritime kulturminne i tiltaksområdet. Etter Kulturminnelovens §§ 9 og 10 har tiltakshavar undersøkingsplikt, samt plikt til å dekke utgiftene til undersøkinga. Me ber tiltakshavar om å ta direkte kontakt med Bergens Sjøfartsmuseum når det gjeld gjennomføring av feltundersøkingane. Museet vil då først utarbeide eit budsjett for registreringane, som me må ha godkjent før feltarbeidet kan gjennomførast. Med vennlig helsing for STIFTELSEN BERGENS SJØFARTSMUSEUM

Lenke til heile dokumentet

Svar frå Sørstrand Folkepark 4.februar 2011

Dei planar som er for området, vil vere landbaserte og vil såleis ikkje røre ved eventuelle forminne som ligg i sjøbotn. Rett nok vil ein i søknaden til reguleringsplan også ta med ein alternativ trasè mot Kystmuseet som viser ei mogeleg bruløysing over Geitholmen og vidare over mange småskjer mot land. Dette er likevel ikkje den mest realistiske løysinga, men skulle den bli vurdert, vil vi sjølvsagt ta kontakt for ei vurdering om utgravingar er naudsynt. Dersom de treng ytterlegare dokumentasjon, vil vi sjølvsagt stå til teneste.

Svar frå Sjøfartsmuseet 9. februar 2011

Ved Bergens Sjøfartsmuseum har vi no sett på plansaken. =20 Vi har kome til at museet vil oppretthalde kravet om ei marinarkeologisk undersøking i medhald av Kulturminnelova sin § 9. Hovedgrunnen er at området inneheld potensial for funn av steinalder under vatn. Området er og såpass stort at det ikkje kan seiast å vere eit mindre, privat tiltak. På oppmoding vil vi utarbeide eit budsjett for for undersøkingane, som vil kunne bli ca. to dagar arbeid pluss reise. Dette kan vi eventuelt kombinere med eit anna feltarbeid, slik at museet ikkje tar betalt for reise den eine vegen. Dette arbeidet kan gjerast i løpet av våren 2011 dersom tiltakshavar godkjenner budsjett og arbeidsomfang.

Svar frå Sørstrand Folkepark 9. februar 2011

 Hei igjen, 

Da føreslår vi at de lagar eit budsjett for dette, og planlegg ei synfaring så snart som mogleleg. Vi er einige i at dette ikkje er eit lite privat tiltak, men vi har samstundes problem med å forstå at eit landbasert prosjekt som dette skal vere ein trussel mot eventuelle forminne i sjøen. Dersom det er det synfaringa skal kontrollere, så bør ikkje kostnadane bli for store.

(men det blei dei)

Ny epost frå Sørstrand Folkepark 11. mai 2011

Har dere fått sett nærmere på områdevurderingen av Sørstrand friområde? Dere skulle lage et budsjett over kostnadene, og oversende det til oss. Vi håper dette kan avklares så raskt som mulig.

Svar frå Sjøfartsmuseet 13. mai 2011

Hei!
Vedlagt sendes et budsjett for marinarkeologisk undersøkelse i området, som vil kunne utgjøre opp til fire dager med opptil fire dagers for- og etterarbeid for prosjektleder. Vi er klar over at dette er mer enn tidligere antydet, men så har vi tatt høyde for størst mulig arbeidsomfang. Det er tross alt teoretisk mulighet for steinalderlokaliteter i vann i området.

Ved rask tilbakemelding kan dette kanskje kombineres med feltarbeid i Havikbotn som begynner i uke 21.

Med vennlig hilsen
for
STIFTELSEN BERGENS SJØFARTSMUSEUM

Og for dei som lurar så kjem heile greia på kr. 127 642. Heile budsjettet finn du her.

Som sagt, dette er det eg har funnet på nett, så det kan vere at einskilde dokumenter manglar. Men eg savner detaljar om lovanvendinga i denne saken, korleis dei begrunner at arbeid på land, skal kunne skade fortidsminna under vann. Når dei skal belaste nokon økonomisk i ein slik størrelsesorden, så burde ein hatt meir innsyn i saka, og ikkje berre bli avfeid med at “dette har vi bestemt”.

Bergen Sjøfartsmuseum, dette er verkeleg lavmål. Har dokke lyst til å undersøke havbotnen, så må dokke for all del gjere det, den ligg no der og vil ligge der urørt. Men å prøve å laste det økonomiske ansvaret over på ein dugnadsgjeng, det er berre simpelt!

Firdaposten torsdag 20. januar – 2011

No fann eg ikkje noko meir informasjon om saken enn dette, så det er mogleg at eg har missa noko, for dette framstår for meg komplett uforståeleg:

Det ser ut som Bergen Sjøfartsmuseum prøver å melke Sørstrand Folkepark for det dei kan. Sørstrand Folkepark er ei stifting og eit prosjekt som er bygd opp av frivillige. Frivillige som brukar si eiga fritid for å lage noko som kjem heile Florø tilgode. Frivillige som ikkje eig noko av området, og som ikkje har noko økonomisk gevinst på at området vert tilrettelagt for innbyggarane i byen.

Kvifor i alle dagar skal frivillige som driv med dugnadsarbeid på LAND betale for undersøkingar som skal utførast UNDER HAVNIVÅ???? Og attpåtil 5 meter under havnivå????

Det som ligg under havnivå får jo ligge i fred under havnivå, det er ikkje planlagt noko undervannsarbeid.

Er det bruene det er snakk om?

Det er ikkje akkurat London Bridge som er planlagt.

Ja, eg veit eg har vist dette biletet før på bloggen, og om nokon skulle ha sett det (Bergen Sjøfartsmuseum?) og for dei som skulle vere i tvil, (Bergen Sjøfartsmuseum?) dette er IKKJE planen for Sørstrand.

Derimot er det snakk om to små trebruer. Skissene ser slik ut, men det går nok an å lage bruene slik at dei absolutt ikkje forstyrrer havbotnen.

 

Bergen Sjøfartsmuseum – dette blir for dumt.


Vil du vite meir om Sørstrand Folkepark?

Sjekk ut heimesida.

Eg tykker at det gamle forslaget om bru ut til Flatholmen er litt keisam….

 

Kvifor ikkje gjere det skikkeleg?

Det hadde garantert auka besøkstalet ;;)

 

Kva synast du?

 

 

Vil du vite meir om Sørstrand Folkepark kan du trykke her.


Eller det er vel nesten to veker til, men eg er sååå klar. Nesten ein og ein halv månad friiiii!! Det er kjempetungt å gå på jobb no, særleg fordi eg jobba vel mykje i friperioden min. Men belønninga vert ei veke lenger fri :)

Ellers så har vel bloggen min gått for lut og kaldt vann ei stund. Eg har holdt på med ei anna nettside, for Sørstrand Folkepark, så det har tatt opp “bloggetida”. Men den byrjar å bli rimeleg bra no. Sjekk ut.

Vidare har eg leika meg med ulike fotoprogram. Berre synd eg ikkje har fått tatt nokre skikkelege bilete. Utroleg kor mykje dårlege foto det er mogleg å ta. Men då er det gøy med fotoprogram som kan gjere dei mest håplause bileta morsomme :)

Det programmet eg har brukt lengst, og som eg er heilt avhengig av er PhotoScape. PhotoScape er fin dersom ein vil animere bilete, samt lage montasjar o.l.  Samt at det følger med eit enkelt redigeringsprogram+++. Loving it! Eit program som er eit must, dersom ein har blogg.

Elles så er eg litt hekta på PhotoFiltre for tida. Ein kan lage mange gøye effekter til keisame bilete med det programmet. Det er berre å slå seg laus.

Det siste programmet eg held på å gjere meg kjent med for tida er Paint.Net. Nei, det er ikkje det paint-programmet som følger med maskina, men faktisk eit ganske avansert, gratis bileteredigeringsprogram du finner på nett. Den støtter lag, har ein del effekter og ein heil del andre avanserte verkty. I tillegg går det an å innstallere “plugins”, med dei verktya du måtte ønskje. Spanande.

Elles har eg ikkje gjort så mykje i det siste, bortsett frå å jobbe og sove. Eg var ein tur til Florø i friperioden min. Det byrjar å verte nokre veker sidan no. Men eg var kjempeheldig med veret denne gongen og, så det vart tid til både båttur og strandtur.

Sørstrand 17. august – 2010. Bileta er tatt seint på ettermiddag, så fargene er ikkje dei beste.

Min far skuer stolt utover stranda si.

Dagen etterpå var vi på ein liten båttur.


Faderen sin stoltheit



Vi måtte sjølvsagt køyre forbi Sørstrand



Austvik


Verkelege kreative namn: Sørstrand og Austvik (eller østvik, dei vert aldri einig). I Florø har dei og Lilleåsen og Storeåsen, Lillevatnet og Storevatnet, Havreneset og Hesteneset.

Eg prøvde å gå ned på austvika tidlegare på dagen. Det var der vi bada når vi var små. Men no hadde dei “privatisert” heile området, så eg turde ikkje å gå heilt ned. Det såg ut som ein privat hage. Eg veit om fleire som har klaga på dette, så eg tenkte eg ville sjå det sjølv.

Men eg fekk no sett området frå sjøsida. Er glad for at vi har Sørstrand no. Austvika var jo ikkje all verden å skryte av. I kvart fall når ein var van med Hokksanden i Bremanger.


Østvik


Men det er idyllisk i austvika. Eg lurar på korleis det blir dersom planane om bruar frå Kystmuseumet til Sørstrand går i orden.

To gode venner

Elles så prøvde eg å få nokre gode landings og lettebilete av måker, utan hell.

Vi dreiv å køyrde rundt ein flokk med måkar, og verkeleg plaga dei. Men eg skulle nok ha brukt speilrefleksen og ikkje lumixen. Den er litt for lunefull når den tek bilete, og brukar litt for lang tid på å zoome. Den er suveren på zooming når det gjeld motiv langt borte, som står i ro. Men elles så gjev nok speilrefleksen betre bilete. Den er lettare å styre, slik at det vert lettare å fange motivet. Og det var grensar for kor lenge vi kunne plage måkene, så eg er svært lite nøgd med resultatet. Men kva gjer man ikkje når ein sit på nattevakt og lengtar etter ferie. Då må man plage andre med dårlege bilete :)

Hmm. Trur eg skal ta “powernap’en” min no. God Natt (:|

04
aug
2010


Sørstrand har forresten fått ny heimeside. Den er framleis på prøvestadiet, men det er no kome inn noko info og foto der :)

Category: Litt av kvart, Sørstrand  Tags: , ,  Comments off

 

Er det noko Florø har mangla, så er det ei skikkeleg sandstrand. No er moglegheiten her: oppfordrar alle Florøfolk  å gje eit bidrag til:

Sørstrand Familiebadestrand

kontonummer: 3705.15.87600

Sørstrand har i mange år vore ei skjult perle dei færraste i Florø har kjent til. Men det siste året har ivrige sjeler, med Magne Hovland i spissen, jobba med å opne opp området.  Dei har gjort gamle stiar tilgjengelege igjen ved å rydde i kratt og skog, og dei har opna opp att gamle utsynsplassar.  Dette i tillegg til Avinor sin beredskapsveg, gjer at folk i alle aldre kan gjere seg nytte av området. Grunna sikt og tryggleikssonane til flyplassen, måtte ein del av dei store trea fellast,  og som takk for arbeidet som dugnadsgjengen har gjort,  har avinor spandert benkar som er plassert på ulike utsynspostar.

Det som gjengen prøvar å få til no, er å lage ein sandstrand på Sørstrand. Dei har funnet eit eigna området. Fylkesbanken har spytta i kr. 50 000, men det manglar framleis kr. 40 000 for å få prosjektet heilt i hamn.

Eg tykkjer dette er eit flott tiltak som alle i Florø kan nytte seg av, eg håpar difor at mange nok støttar opp om prosjektet.

Vil du vite meir sjå nettutgåva til Firdaposten, eller papiravisa til Firdaposten 12. februar 2009.  Eller du kan gå inn på Origo si side, Sørstrand Familiebadestrand.

Oppdatert:

Sørstrand har no fått si eiga heimeside.

Adressa finner du her.