Archive for the Category »I media «

hard dag i sofaen

 

http://www.bt.no/meninger/kommentar/Sveinbjornsson/Vask-vekk-snobbeskammen-3302969.html

Category: I media  Comments off
08
mar
2014

Nokre nøkkeltal henta frå 2012

likestilling

Trykk på bilete for å gjere det større

Biletet er henta frå NRK

Category: I media  Tags:  Comments off

Aftenposten skriver at verden held på å gå tom for kakaobønner… Og med ingen kakaobønner, ingen sjokolade  X_X I 2020 er det definitivt slutt X_X

Slapp av, løysinga er her: slik kan du få sjokoladeplaten din til å vare evig: Puh.. :> sjokolade

 

 

 

Om du ikkje har så stor tru på sjokoladetrikset og vil sjå korleis det er jukset til, kan du sjekke her :)

Løysinga finn du her »»

sjokoladefasit

Bileta er funnet her og her. Eg veit dessverre ikkje kven som har laga dei.
Category: I media  Tags: , ,  Comments off

20.09.2013 Buhu…, det er ikkje synd på sjukepleiere som jobbar kvar tredje helg, ALLE vi i handelsnæringa jobbar kvar andre helg. Dette vart gjentatt i det uendelege i dette kommentarfeltet. Eg vart hoppande glad, her var noko eg hadde gått glipp av, søndagsopne butikker. Eg var i Oslo då, og gleda meg til å kunne shoppe på ein søndag også…. Men kor var dei søndagsopne butikkene blitt av? :(

handelsstanden

07.10.2013. Buhu,… vi kan ikkje ha søndagsopne butikker, tenk på 0ss ansatte.. Halo!! No får dokke bestemme dokke. Dokke jobber jo allereide annakvar helg, kvifor ikkje jobbe ute i butikken då, i staden for å vere usynleg på søndagane?? Når dokke likevel jobbar, så kan dokke jo få inn litt inntekt og, og det er jo når dokke held butikken open.

Eller vent… meinte dokke at når dokke jobbar annakvar helg, berre jobbar laurdag? Korleis i svarte granskauen kan dokke samanlikne det med å jobbe ein full helg i helsevesenet? Ein helg består av både laurdag og søndag!! Om eg tar ein ekstravakt ein laurdag, så kaller eg ikkje det å jobbe helg.

Og ja, eg veit at mange butikker, bensinstasjoner og kiosker held open heile helga / døgnet. Men dei aller fleste butikker er faktisk stengt på søndager.

Category: I media  Tags: ,  Comments off

Sjølv eg som ikkje er religiøs, kan sjå at religion er ein viktig del av mange menneske sine liv. Difor synast eg det er særs overraskande når ein representant for Krf ikkje har den same forståinga. Gustav Nydal som sit i bystyret i Flora for Krf fortel at han skulle ønske at det ikkje var behov for eit muslimsk bønnehus i byen.

– Vi bur i eit fritt land, og folk skal få lov til å tru det dei vil. Men eg skulle sjølvsagt ønskje at det ikkje var behov for eit muslimsk bønnehus i byen, seier han.

Firdaposten 15 august 2013

Kva er det han eigentleg seier her? Ønsker han at det  ikkje kjem muslimer til byen? Eller meiner han at det gjerne må kome muslimer, men at dei ikkje bør ha behov for å utøve sin religion?

Korleis kan ein som faktisk har innsikt i korleis det er å vere religiøs ha så lita forståing for andre sin tro?

Eller kanskje han er redd for at muslimane skal ta seg til rette på same måte som kristenfolket i Florø har gjort? I Florø føregår bl. a. konfirmasjonsundervisninga i skuletida, til tross for kyrkjelova §36,1 som seier at:

«Konfirmasjonsopplæring skal ikkje leggjast til skuletida, med mindre særlege grunnar ligg føre og kommunen har gjeve sitt samtykke».

Eg hugser sjølv då eg gjekk på ungdomsskulen og ikkje ville konfirmere meg. Eg måtte ut av klasserommet, men det fantes ingen alternativ undervisning. (Og presten klarte t.o.m å sei at han syntast synd på meg sidan eg ikkje ville konfirmere meg). Dette var på 80 talet, men så vidt eg forstår så har  Flora Ungdomsskule framleis ikkje noko undervisningstilbod til dei som ikkje skal konfirmere seg, dei må berre ut av klasserommet. Det skal seiast at det har vore stor diskusjon om problemet, og at det kan sjå ut som at 2013 blir det siste året for denne praksisen. Den som lever får sjå :)

I tillegg så pusher prestane i Florø bibel på barn som ikkje har møtt opp kyrkja. Kvart år inviterer kyrkja alle femteklassingane i Flora til utdeling av biblar i kyrkja. Sidan kyrkjekontoret har tilgang til elevlistene så veit dei og kven som ikkje var til stades under utdelinga. Prestene dukker så opp i klasseromma for å gje det nye testamentet til dei som ikkje kom til kyrkja. Ganske frekt, spør du meg.

Okey, så skein det vel igjennom at eg er ganske antireligiøs. Men eg har faktisk forståing for at folk trur på diverse, og at religion er viktig for mange enten det er Gud, Allah, stjerner eller shakraer dei trur på. For kven skal bestemme for andre kva som gjev meining i livet? Det eg ikkje liker, er når religion vert pådytta folk, eller brukt til å undertrykke grupper og til å forsvare overgrep og krigar. (Til dette har eg berre ein ting og sei: “Mot dumskap kjempar sjølv gudane forgjevast” ~x( )

Men tilbake til saka. Eg synast det er trist at ein representant for dei kristne ikkje ser den verdien ein moske vil ha for muslimar. Personleg synast eg at bygging av ein moske vil vere positivt for Florø. I tillegg til det religiøse og samfunnsmessige aspektet, ville det vere eit flott og spanande tilskott til Florø sin arkitektur reint estetisk. Då håper eg at dei får til ein “skikkeleg” moske med mosaikk, tårn og alt som høyrer til :) Så eg ønsker Fayez Alhaddad og hans trusfeller lukke til, og håper at dei får gjennomført planane sine i ikkje alt for fjern framtid :)

Category: I media  Tags: , ,  3 Comments

Fremdeles sitter 150 unge mennesker på aldershjem eller sykehjem, til tross for at tre helseministre og én statsminister siden 2005 har sagt at de skal få et bedre tilbud“.

Men i Oslo kommune har dei ingen unge registrert buande på aldersheim. Dei funnet løysinga på problemet, dei har nemleg  ikkje alders / gamleheimar lenger. Og då kan det jo heller ikkje bu unge der. Kvifor forandre innhaldet når ein berre treng å  forandre namnet?

Elisabeth Vennevold, seksjonsleder i Byrådet i Oslo kommune uttaler:

Gamlehjem og aldershjem er betegnelser som ikke benyttes i dag. Tilbudene i dag er å betrakte som heldøgns pleie- og omsorgstjenester. Det er i all hovedsak eldre innbyggere som er i behov for disse tjenestene, men det er noen yngre brukergrupper som har behov for heldøgns tjenester“.

Eg seier berre: stakkars dei menneska og dei pårørande dette angår som som ikkje berre vert gjort usynleg, men som i tillegg til alt anna må slost mot ordkløveri!

Category: I media  Tags: , , , ,  Comments off
14
jun
2013

2012

«Det er en lettelse at vi nå er enige om at praksis i Utlendingsnemnda har blitt for streng. Nå blir det en større vektlegging av hensyn til barn. Jeg er svært fornøyd med at vi nå skal ta større hensyn til barn av asylsøkere som har vært lenge i Norge, og at den barnefaglige kompetansen i utlendingsforvaltningen skal styrkes».

SV: 20. mai 2012

2013

Knuste vindu

– Politiet  kom halv to i natt for å hente oss. De knuste vinduet på døren vår for å kunne låse opp fra utsiden.

Det var midt på natten, og hele familien sov.

– De kom med lommelykter og sa vi måtte kle på oss.

Familien, som består av  Neda (12), Zoher (4) , Dima (8) og lille Nael (10) mor Romah og far Said, ble tatt ut av hjemmet og kjørt til flyplassen.

– Mye er igjen i leiligheten. Vi fikk ikke ta med oss alt, men vi måtte bare dra.

Det ble en kort samtale.

– Jeg må legge på nå for vi må gjennom kontrollen. Vi skal til Oslo nå, og så skal vi ta fly videre.

Neda Ibrahim 12 år, 11. juni 2013. 

Det ser ikkje ut som UNE heilt har fått med seg dette med å ta omsyn til barn. Barnefagleg kompetanse kan dei i alle fall ikkje skryte på seg. Om dei meiner at dei har blitt betre det siste året, så tenker eg med gru på korleis det må ha vore før. Ikkje nok med at dei sender ut barn som har svært sterk tilknytning til Noreg, det gjerast i tillegg på ein særs brutal måte.

Og igjen, kvifor må dei sende ut barn før saka er ferdighandsama? Dette er ikkje første gong.

Politiet sin versjon om den knuste ruta:

Flere medier har meldt at politiet deretter knuste ei rute for å ta seg inn i huset. Disse opplysningene er ifølge politisjefen feil.

 – Ruten ble knust da politiet dunket i døra. Deretter fjernet de en planke som sperret for døra, og låste opp, sier Søyland.

– Man skal banke hardt på ei dør for at ruta knuser?

– Det kommer an på hvor gammel døra er. Denne døra var i svært dårlig stand. Tjenestemannen dunket borti den to ganger med skulderen, sier Søyland.

Aftenposten 12. juni 2013.

Ro, ro til fiskeskjær….

Category: I media  Tags: , , , ,  Comments off