Eller meir klassisk, (klisjeaktig): fire ungdommer skal prøve å overleve i øydemarka til hjelpa kjem, samt redde resten av verden frå skumle småkryp I tillegg har dei lagt inn temaet som er i vinden for tida, klimatrusselen. Så kven overlever til slutt? Ganske tradisjonell oppbygning, med andre ord.
Det var ein del logiske brister når det gjaldt oppførsel og overleving (overleve sjølv om ein ligg ute mange timar i isaudet etter å ha blitt skoten, for så å gå fleire km. Skyteglad fyr som ingen gidder å ta våpenet frå. Legge igjen videokamera på tåplege stader, osb.)
Men eg synast at skodespelarane gjer ein glimrande jobb ut frå manuset. Det er bra med action, og trusselen er både truverdig og skummel.
Så sjølv om filmen vert litt forutsigbar og litt klisjeaktig, så er underhaldninga til stades, og ein kan absolutt kaste bort eit par timar på denne filmen.
Verden er tatt over av vampyrar, med alt det måtte føre med seg. Bl. a. så har antal skogbrannar auka betrakteleg For desse vampyrane, dei glitrar ikkje i sola, dei brenn!!! Ikkje noko twighlighttull her.
Men med så mange vampyrar, så går det hardt utover menneska, og dermed matforrådet til vampyrane. Dei held på å gå tomme for blod. Og for desse vampyrane, så er det rett og slett ikkje sunt å gå sulten. Utsjånaden forandrar seg til det verre, og dei mistar den kognitive evnen. Så difor forskar dei for harde livet på å finne eit syntetisk blodsubstitutt.
Hovudpersonen, forskaren Edward Dalton, er ikkje heilt nøgd med å vere vampyr. Han har sympati med menneska, og ønskar å skape blodsubstituttet for å redde dei. Han vert kontakta av ei gruppe menneske under leiing av Elvis, dei hevdar å ha funnet ein kur mot vampyrar, ein kur som gjer vampyrar til menneske igjen. Vil dei greie det?
Daybreakers er ein morsom og underhaldande actionfilm, vel verdt å sjå. Men den hadde vore endå meir morsom, dersom det var lagt endå meir vekt på praktiske problem som ei befolkning av solsky vampyrar ville ha hatt
Filmen bygger på Cormac McCarthy sin Pulitzer-prisvinnende bok fra 2006. Den handlar om korleis mennesket reagerar når framtidsutsiktar og overlevingsmoglegheitar er tatt bort. Kor viktig håpet vert for å kunne overleve. Den handlar og om korleis forfattaren meinar at menneske kjem til å behandlar kvarandre, når det er knappheit på ressursar.
Vi følger ein far og hans son på veg sørover, i håp om å overleve vinteren. Vi får sjå eit far/son forhold, der faren vil gjere alt for at sonen skal overleve. Samstundes får vi og eit tilbakeblikk på korleis det var for familien i byrjinga av “naturkatastrofen”, og korleis det utvikla seg.
Vi opplever korleis faren er blitt kynisk og skeptisk til alle dei møter på vegen, han er lite villig til å hjelpe andre, og han dreper der han finn det nødvendig. Imens så har sonen meir tru på mennesket, meir tru på samarbeid, på det å vere god.
Filmen er nok god, for dei som er interessert i temaet. Den kan nok gripe ein del menneske. Men som underhaldning så var den langdryg og keisam.
I Florida venter en britisk soldat på å bli henrettet. I Virginia blir liket av en ung mann funnet, skutt i ansiktet på nært hold. Tre hendelser som alle viser seg å høre sammen – med spor som leder dypt inne i maktens korridorer. Sannheten om konspirasjonen kan styrte Det hvite hus.
Serien har fått gode omtalar, og det verkar som dei fleste har likt den.
Eg derimot, er litt lunken. Eg likte plottet, serien var godt utført frå byrjing til slutt. Og den kjentes aktuell, bl.a. med muslimfrykt, og kapital /økonomiske interesser i “trøblete” statar. Det var ingenting å sei på skodespelarane, og historia var truverdig.
Men, som underhaldning så vart det alt for langdrygt og keisamt. Eg sleit og med å få med meg alle karakterane og intrigane som vart presentert i byrjinga av serien, men dette kom seg heldigvis etterkvart. Dette er heller ikkje ein serie som ein kan sjå halvveis på, ein må verkeleg følge med for å forstå plotta.
Så kva vart dommen? Eg trur det går mykje på smak og behag. Serien var godt laga, ikkje tvil om det. Men eg er ikkje så interessert i filmer om storpolitikk, der ein stor del av underhaldninga ligg i diplomatiske taktikkar og finesser. Difor vart den i periodar keisam for meg.
Likevel, det er ein serie eg er glad for å ha fått med meg.
Wray (Freddy Rodriguez), hennes tidligere kjæreste, står beskyttende ved hennes side. Cherry er nede for telling, men den siste dansen er definitivt ikke historie. Mens de infiserte rundt henne endres til truende og angripende zombier, danner Cherry og Wray et forsvarslag. I nattens mørke staker de ut kollisjonskursen, mot en skjebne som kan etterlate seg millioner av smittede og døde. Og noen få heldige, midt i en kamp på liv og død, på vill jakt etter en siste levelig plass på terrorens planet.
Tja, ka skal eg sei? Dette er nok først og fremst ein guttefilm. Men, når ein ser vekk frå det, så må det nemnast at filmen til tider er hysterisk morsom. Og eg må sei eg særleg digga karakterane til dei to brødrene, sheriffen og gatekjøkkeneigaren.
Som nattevaktfilm var denne heilt perfekt. Hjernedød “crazy” humor, action heile vegen og ikkje noko historie ein trengte å følgje med på.
Liker du denne genren, så er filmen absolutt å anbefale.
Her er endå ein film om onde småjenter. Men eg må sei at eg likte denne betre enn “The Orphan“, sjølv om også denne filmen har sine svakheter.
Plot: Renee Zelweger spelar Emily, ein sosialarbeidar som trur ho har sett alt. Men dette er før ho får sak nr. 39. Ei lita, mystisk jente på 10 år som tydelegvis ikkje har det så bra heime. Saka eskalerer, og Emily reddar jenta frå å bli drept av foreldra. Det endar med at jenta flyttar inn til Emily, men er jentungen så uskuldig som ho ser ut til?
Dette er ein av dei betre grøssarane eg har sett i det siste. Her har du verkeleg jenta frå Helvete, som verkeleg kan gje deg kalde grøss nedover ryggen. Mange gode scener, god historie, lite dødtid, skodespelarane er overbevisande, og ein vert endå meir sikker på at å adoptere småjenter, det gjer man berre ikkje.
Det som øydelegg er at Emily vert mistenksam på så alt for tynt grunnlag. Men eg skjønar jo at det vil ta for lang tid å gjere denne biten realistisk, så eg får lære meg å sjå forbi sånne ting. I tillegg var slutten på filmen skikkeleg dårleg.
Men for all del, likar du grøssarar, så anbefalar eg denne filmen på det sterkaste.
Eg likte denne versjonen eg. Det er ikkje så mykje innslag av komikk som i dei tidlegare Draculafilmane eg har sett. Miljøskildringane av gamle England var flotte, og det er faktisk grunn nok til å sjå filmen. I tillegg er det gode skodespelarar og gode karakterskildringar.
Filmen refererar bl.a. til Highgate Cementery, eit namn mange vampyrfans kjenner til.
Kort oppsummert; eg tykkjer dette var ein av dei betre blant Draculafilmatiseringane. Historien er jo kjent, så det vert ikkje så mange overraskingar. Ikkje er det så mykje grøss heller. Men filminga var bra, og historia var godt fortaldt.