Archive for the Category »tips «

31
okt
2010

Noko det beste med å bruke WordPress er at det ligg så fantastisk mange flotte design ute. Eg må stadig rundt å sjå om eg finn nokre nye theme. Eg tenkte eg skulle prøve å samle nokre lenkjer her.

Nokre favorittsider når det gjeld WP themes, eller wordpressbunadar som det også kan kallast :)

Templatelite

Eg må stadig innom Templatelite, som bl.a. har designa themet på bloggen her. Eg tykkjer dei har fantastisk fine theme, sjølv om dei er ganske enkle. Men dessverre, så har dei i det siste lagt til ein kryptert kode i scriptet, (sikkert ikkje teknisk korrekt forklart av meg). Og eg trur at denne koden var grunnen til at Google plutseleg boikotta meg fullstendig, dei tok det vel som malware. Men etter at eg fann ei gamal versjon utan koden, så var google blid igjen :) Men, ein kan kjøpe themet utan kode for §20, og det er jo ikkje all verden.

Templatelite forsvarar koden med at det er slik dei får inntekter til å lage nye theme.

template.php contains links to the advertisers who sponsor the theme. Since the theme is available for free and to prevent others from removing the links, I have no choice but to encode them. I assure you it is not a virus.

If you want to remove the credit links, you can purchase the ad removal package at $20.

Hope this clears your doubt :)

Konklusjon: eg digger thema deira, men kodegreiene trekker litt ned. I realiteten vert jo ikkje thema deira gratis. (Men ganske billig, då).

Elegant Themes

Det er ikkje å kome bort frå, at vil ein ha skikkelege flotte themes, med litt meir avanserte funksjonar, så må ein nesten betale for dei. Elegant Themes  er favoritten min når det gjeld premium themes.

Eg har kjøpt eit par einskildthemes av andre tilbydare før, men ikkje vore nøgd med korleis dei fungerte i praksis. Men, med Elegant Themes derimot, er eg kjempenøgd. (Eg har fleire sider på nettet enn berre denne bloggen :-P ) For §39 i året så får ein tilgang på eit femtitals themes. Og det kjem nye heile tida. Thema er svært varierte, og har mange bruksområder. I tillegg så følgjer det med eit eige panel, som gjer det svært enkelt å tilpasse thema slik at ein får dei akkurat som ein vil. I tekstprogrammet er det og med nokre ekstra funksjonar, som eg savnar bl.a. i denne bloggen. Eg brukar TinyMCE advanced på alle sidene mine, og desse funksonane fungerar fint med både orginalprogrammet og TinyMCE. I tillegg følger det med PSD fil til alle thema. Kan det bli betre? Anbefalast på det sterkaste.

Graph Paper Press.

Eg var innom ein blogg tidlegare i dag, og likte themet hans. Så då måtte eg jo berre sjekke det ut. Slik oppdaga eg Graph Paper Press.

Dette er vel i hovudsak photothemes med bloggfunksjon. (Som dei og har i Elegant Themes). Mange flotte design, og ein del av thema er gratis. Dette synast eg er ein fordel, for då får ein utforska thema litt, og ein kan få eit inntrykk av om premiumthema svarar til forventningane. Eg har ikkje testa nokon av thema, men dei såg flotte ut, og det såg ut til at dei hadde eit par gøye funksjonar. Dersom ein er ute etter ein fotoblogg, så må desse thema vere midt i blinken.

Elles om ein er ute etter wp-themes så har ein jo dei vanleg anbefalte sidene som:

Sider anbefalt av Pengerik.com

Det var vel nok for i dag, kjem nok til å legge til fleire lenkjer på denne sida seinare.


Premiumthema eg ikkje har vore nøgd med er kjøpt hos: ~x(

  • StudioBurst. Kjøpte New Yorker theme hos dei. Tror ikkje themet eksisterar lenger. Themet tålte nesten ingen plugins før det ikkje fungerte. Ein måtte og vere nøye på widges, samt lengda på lenkjer, overskrifter osb. Visst noko tok for stor plass, forsvann halve sida. Eg såg det var mange som klaga på themet, utan at dei fekk svar.
  • Gabfirethemes. Kjøpte Blognewstheme og brukte den som fotoside ei stund. Slideren på toppen er ikkje den same som ein får når ein kjøper. Og slideren litt lenger nede på sida, bevega seg ikke før ein trykka på den. Brukte ein del timar på å sjå om det var nokre “options” eg overså, men kunne ikkje finne noko for å fikse dette. I tillegg så hadde eg litt problem med kolonna heilt til høgre, men det var lett å fikse. Ellers så fungerte sida fint, og det er mogleg at eg brukar themet igjen seinare, eg vart vel berre lei det.
Category: tips  Tags:  Comments off

Vel, kanskje ikkje facebook killer

… men er du lei av å heile tida sjå namnet ditt under diverse artiklar (kommentarfeltet) når du surfer på nettet. Og vil du sikre at facebook ikkje får info over kva for sider du er innom. Så kan dette vere programmet for deg.

Facebook vert varsla kvar gong du vitjar ein av dei mange sidene som brukar “Facebook Connect“. Og sidan Facebook tidlegare har vist at dei ikkje set personvernet i høgsetet, men gjev ut personlege opplysningar til tredjepart, så er det kanskje grunn til å vere litt skeptisk :roll:

Du må bruke Chrome for at det skal virke, (men ettersom Chrome er den desidert beste nettlesaren, så burde ikkje det vere eit problem :-bd )

Les meir om programmet hos TechCrunch.

Category: tips  Tags: , , , , ,  Comments off