Archive for the Category »Litt av kvart «

04
Sep
2010

När tänker männen som bäst….?

Efter många år av forskning så har man äntligen kommit fram till hur det egentligen ligger till. Alla resultat visar på att männen tänker absolut som bäst när dom har samlag.

Hur kommer det sig då undrar man? 
– Enkelt, då är ju kabeln kopplad till huvuddatorn!!! :))

Category: Litt av kvart  Tags:  Leave a Comment

Hmmm??

 

Foto: BA/ Eva Johansen



04
Aug
2010

Ellers så jobbar eg med ein ny blogg. Eg har ikkje kome så langt med den, og den vert nok ikkje oppdatert så ofte.

Men eg tenkte at eg skulle prøve å lære meg å ta litt betre bilete, samt bruke redigeringsverktya mykje betre.

Og det eg lærar, har eg tenkt å samle i den nye fotobloggen min :-)

04
Aug
2010


Sørstrand har forresten fått ny heimeside. Den er framleis på prøvestadiet, men det er no kome inn noko info og foto der :-)

04
Aug
2010

Det er ei stund sida eg har skrive i bloggen, eg har hatt fullstendig skrivevegring. Ikkje fordet, det er lite sannsynleg at verda har gått glipp av noko :lol: Ikkje har det skjedd noko særleg i det siste heller.

Feriepengene er brukt opp, og eg kjøpte meg kameraet som eg skreiv om tidlegare, nemleg  i Panasonic Lumix DMC TZ10, berre  svart. Eg er strålande nøgd med kameraet, det har ein fantastisk zoom. Det eg ikkje heilt får til med det, er nærbilete av blomar, innsekt osb. Det nektar å fokusere på det. (Kanskje kameraet har betre smak enn meg?) .

Men, dessverre så passa ikkje den minste fotoveska frå Acme Made til Lumixen. Men eg skal nok alltid finne bruk for den.

Den største veska til Acme Made, passa perfekt til speilrefleksen, og den er faktisk endå finare i røynda, enn på biletet. Den har gode bærehandtak, og det er ingen problem å ta den med på tur.Eg er veldig nøgd med det kjøpet.( He, he, det får vere nok reklame for acme made).

Elles har eg nettopp vore ein tur til Bremanger og Florø. Så då fekk eg brukt kameraet litt.

Eg har vore tre gongar på Brandsøyåsen, og trudd eg skulle døy av anstrengelse kvar gong. Formen har tydelegvis dalt ein del i dei siste åra. Så no er det trening som gjeld.

Utsikt frå Brandsøyåsen

Elles så vart eg lurt med opp på fjellet i Bremanger. Eg trur ikkje dei gjer det fleire gongar, for med meg gjekk det seint. Eg likar godt å gå tur, gjerne på fjell, men det må vere VEG!

Her er utsikta frå Strusnipa i Bremanger.

Eg var så trøytt at eg ikkje orka å ta bilete på veg oppover. Vi var ein tur oppom Førsnipa og.

Men elles så var det koseleg å vere i Bremanger igjen. Det er vel to år sidan sist. Og lillesøster og eg vart kjempegodt tatt imot av tAnta (Nina) og Frank.

Og så var det tilbake til Florø, og ei lita tur ned på båthavna der.

Det var det eg rakk på miniferien min. Den varte frå torsdag 22 juli til mandag 26. juli, men eg var no heldig med veret :-)

No har det vore tilbake til jobb ei stund, før eg har ny miniferie frå neste helg av…

31
Jul
2010

Skal ein sende bilete gjennom e-post, eller legge dei ut på ein blogg så er ein avhengig av eit krympeprogram for bileta. Før har eg brukt Shrink O’Matic og eg har vore strålande nøgd med det.

Men det var før eg prøvde Fast Stone Photo Resizer. Den har mange fleire moglegheiter, samt at den beheld ein del info om biletet. T.d. dato det er tatt. Anbefalast :-)

Eg prøvar, utan hell, å få tatt eit bilete av ein mår som tusler rundt huset på Fanafjellet. I staden vart det ein frosk som fekk gjennomgå forrige natt.

Stakkars liten, den hadde ikkje lært seg å sitte stille når den værte fare, så det var ikkje lett å få tatt bilete av den. (Eg har sett ein del froskar i artige posisjonar, når dei prøver å gjere seg usynleg ved å stå heilt stille). I tillegg var det mørkt, så eg fekk mange bilete av steinhellar utan frosk.

Det ser ut som den har ein fyrstikk sittande fast på ryggen. Eg lurar litt på korleis det gjekk til, og kvifor fyrstikken sit fast. Har det noko å gjere med skinnet til froskar?

Category: Mine bilete:)  Tags:  Leave a Comment