Verden er tatt over av vampyrar, med alt det måtte føre med seg. Bl. a. så har antal skogbrannar auka betrakteleg For desse vampyrane, dei glitrar ikkje i sola, dei brenn!!! Ikkje noko twighlighttull her.
Men med så mange vampyrar, så går det hardt utover menneska, og dermed matforrådet til vampyrane. Dei held på å gå tomme for blod. Og for desse vampyrane, så er det rett og slett ikkje sunt å gå sulten. Utsjånaden forandrar seg til det verre, og dei mistar den kognitive evnen. Så difor forskar dei for harde livet på å finne eit syntetisk blodsubstitutt.
Hovudpersonen, forskaren Edward Dalton, er ikkje heilt nøgd med å vere vampyr. Han har sympati med menneska, og ønskar å skape blodsubstituttet for å redde dei. Han vert kontakta av ei gruppe menneske under leiing av Elvis, dei hevdar å ha funnet ein kur mot vampyrar, ein kur som gjer vampyrar til menneske igjen. Vil dei greie det?
Daybreakers er ein morsom og underhaldande actionfilm, vel verdt å sjå. Men den hadde vore endå meir morsom, dersom det var lagt endå meir vekt på praktiske problem som ei befolkning av solsky vampyrar ville ha hatt
Det siste innan reality: sett ti dødsdømte ut på ei øyde øy og la dei slost til det står att ein i live. Vinnaren får fridomen tilbake og ein haug med pengar. Send det heile direkte på internett, og du har ikkje lenger pengeproblem :twisted:
Berre hugs ein ting. Det kan kanskje vere lurt og ikkje opphalde seg på den same øya som dei dødsdømte
Ein film med mykje action og høg bodycount. Den var spanande og underhaldande, lite dødtid. Kort sagt, ein god nattevaktsfilm.
Ein heilt grei film spekka med action, ingen dødtid her. Hovudpersonen kunne trygt ha tatt på seg ein supermannsdrakt. Plottet får ein uventa vri på slutten, er det verkeleg hemn som er motivet?
Eit forsøk på å skapet eit serum med helbredande verknad har endeleg funka, men biproduketet, ein megaslange sleppast ut i det fri. Heltinna i filmen må ikkje berre forsøke å øydelegge serumet, samt slost mot slangen, ho må og forsvare seg mot leigemordarar som den onde oppdragsgjevaren for prosjektet har sendt etter ho.
Yes, kanskje ikkje heilt den filmen eg ville ha leid heime, men som nattevaktsfilm funker den kjempebra. Rikeleg med action, høg bodycount, dårlege spesialeffekter og masse humor.
Litt skummelt å gå ut med søpla etterpå, ettersom eg jobbar midt inni ein skog der det er milesvis til næraste nabo. Pluss at det kryr av hoggorm der.
Filmen handlar om at dottera til ein delegat / ministar? vert kidnappa for at han skal godkjenne miljøkriminalitet. Vi følger i hovudsak dottera og den ufrivillige sjåføren som køyrar rundt. Dei har båe to eit armband rundt handa som gjer at dei vil eksplodere, dersom dei kjem meir enn 25m vekk frå bilen. Samstundes vert det ei kamp mot klokka. Dei må kome fri, slik at faren ikkje treng å signere.
Eg skal innrømme at eg ikkje har sett dei to førgåande filmane, så eg veit ikkje heilt kva standarden skal vere. Men eg tykkjer det var ein heilt grei actionfilm, nokre gode kampscener, og sjølvsagt imponerande køyring. Plottet var greitt, om enn litt tynt. Eg digga den franske inspektøren og hans tørre humor. Det eg ikkje likte, var den utroleg irriterande kvinnelege hovudrolla.
No er eg ikkje så veldig bevandra i James Bond filmar. Eg har heller ikkje sett den forrige James Bond, som denne filmen tydelegvis var ein direkte oppfølgar av, og “Quantum of Solace” stod seg kanskje ikkje heilt på eigenhand. Men det var masse action, høgt tempo og eit greit plott. James Bond meistrar som vanleg det meste både på land og i lufta.
The Spirit er basert på den legendariske tegneserien av geniet Will Eisner og er vinterens store film med klassisk eventyr, action og romantikk, og ikke minst en stjernspekket rolleliste. Frank Miller, som står bak filmer som 300, Sin City og Batman: Legend of the dark Knight, har regien.
Dette er historien om en tidligere politimann som plutselig vender tilbake fra de døde som THE SPIRIT for å bekjempe kriminalitet i Central Citys underverden. Erkefienden hans, THE OCTOPUS, er ute i et annet ærend: Han vil tilintetgjøre THE SPIRITs elskede by i jakten på sin egen form for udødelighet. THE SPIRIT er på sporet av den kaldblodige drapsmannen. Underveis møter han utallige vakre kvinner som ønsker å forføre, elske eller drepe vår maskerte korsfarer. (Omtale henta frå filmweb, Bergen Kino).
Filmen er laga i same stil som Sin City, men greier ikkje å fenge på same måte. Ein del gode scener, men har korkje særleg action eller humor. Likevel, ein heilt grei film å få med seg. Sånn midt på treet.