Archive for the Category »Fantasi «

05
Sep
2009

Drama – 2008

Kollegaen min hadde sett traileren og trudde det var ein thriller. Det er det altså ikkje, det er ein svært langdryg dramafilm med mykje dødtid. Eg såg vel den først halvtimen utan å skjøne noko som helst, og måtte ein tur inn på nettet for å sjå kva filmen handla om. Det hjalp, men ikkje på opplevinga.

Plottet er som følger:  Fire parallelle historiar, om fire tapte sjelar. Ein ung mann som søker etter drømmedama, ein far som søker etter sonen, ei ung jente som har sjølvmord som eit kunstprosjekt, og ein maskefyr som er ein smule gal. Fire sjebnar som sakte (veldig sakte) nærmar seg kvarandre.

For dei som likar denne type filmar er dette kanskje ein god film. Stemninga i filmen er godt gjennomført som mørk, dyster og mystisk. Ein vert godt kjent med rollefigurane. Men for meg så gav den ingenting, historien vart for grunn. Den kjentast berre utroleg lang og keisam å kome seg igjennom.

Category: Fantasi  Tags:  Leave a Comment
04
Jul
2009

Action / Drama / Fantasy / Sci-Fi / Thriller – 2009.

waman


Plot: “Watchmen” er en kompleks superhelthistorie fra et alternativt Amerika anno 1985. Richard Nixon er valgt for sin tredje presidentperiode, utkledde superhelter er bannlyst av samfunnet og USA og Sovjetunionen står på randen av tredje verdenskrig.

watchmenNår en av hans tidligere kolleger blir drept, setter den avdankede hevneren Rorschach ut for å avdekke et plott om å drepe og vannære alle tidligere og nåværende superhelter. Han slår seg sammen med sin tidligere kriminalitetsbekjempende gruppe – en sjuskete gruppe pensjonert superhelter hvor bare én av dem virkelig har superkrefter. Rorschach øyner snart en omfattende og urovekkende konspirasjon med røtter tilbake til deres felles fortid og med katastrofale konsekvenser for fremtiden. Deres oppgave er å passe på menneskeheten … men hvem er det som passer på the Watchmen?

Watchmen ble opprinnelig utgitt av DC Comics som en tegneserie i 12 deler mellom 1986 og 1987, før den ble samlet og gitt ut i bokform. Dette er den eneste grafiske romanen som har vunnet den prestisjefylte Hugo Award og som har blitt utnevnt til en av de 100 beste engelske romanene, fra 1923 til nåtid, av Times Magazine (Tekst henta frå Oslokino.no).

Igjen, så var det kollegaen min som tvang igjennom filmen. Eg hadde valet mellom denne , “Mega Shark vs Giant Octopus” eller “Monster Slayer”. Då vart det Watchmen. Og igjen, så må eg krype til korset og innrømme at eg faktisk likte filmen.

waman2

Eg hadde særleg sansen for stemninga i filmen, musikken og filminga. I tillegg så var historia rimeleg grei og underhaldane. Eg la faktisk ikkje merke til at filmen varte i tre timar(director’s cut).

Eg tror absolutt eg må gå tilbake på at eg ikkje likar filmar med superheltar :roll:


30
Jun
2009

Action, eventyr, komedie, satire – 1986

Har hatt jobbehelg, men det er sommar og litt meir travelt på jobb enn vanleg, så det vart berre ein film denne helga. Elles driver vi å jobber oss gjennom Oz, ein av mine yndlingseriar, omtale kjem når vi er ferdig 8-)

Okey, tilbake til Howard the Duck.

howardduck3Kultfilm frå 1986. Howard lever i eit parallellt andeunivers før han vert sugd ned i vår verden. Her hjelper han ei jente i nød og han vert nødt til å redde verden. Dette var kortversjonen av plottet. For ein meir utfyllande omtale om filmen, besøk denne sida.

Eg er i utgongpunkter ikkje så stor fan av slike filmar, men ettersom kollegaen min har jobba for at eg skal sjå den, så veit eg av erfaring at det berre er å gje etter. Eg slepp uansett ikkje unna. Eg tror han brukte eit halvt år på å reklamere for vikingar og aliens (Outlander), før eg motvillig gjekk med på å sjå den. Og då han høyrde at eg ikkje hadde sett Batman (begins?), så var det ingen bønn, eg måtte sjå filmen natta etter. No skal eg innrømme at dei filmane faktisk var betre enn eg hadde trudd, men likevel, eg var skeptisk til Howard.

howard-the-duck_2Filmen hadde mange morosame detaljer, særleg i andeverden. Og gjensynet med kle og hårmote frå 80-talet var fantastisk. Actiondelen var rimeleg bra, litt lange forfølgelsescener, men elles ok. Alt i alt ein rimeleg underhaldande film, til tross for ei tøydukke i hovudrolla.

Dette er ein film som kan vere grei å få med seg, likevel, ikkje ein film eg har behov for å sjå fleire gongar.

Igjen, for ein skikkeleg omtale av filmen, besøk denne sida.

Category: Fantasi  Tags: , , ,  4 Comments
07
Jun
2009

Action, sci-fi  2009

Ei gruppe unge med overnaturlige krefter prøver  å gøyme seg frå ein hemmeleg amerikansk myndighet, som vil bruke dei som våpen. For å unngå myndigheita, samt hjelpe andre i same situasjon, må dei gå sammen og utnytte sine ulike krefter og evner.

Fartfylt, underhaldande og bra action. Mange gode scener og bra historie. Eg trur eg kanskje må trekke tilbake at eg ikkje likar sci-fi.

push1


Category: Fantasi  Tags: ,  2 Comments
10
Mar
2009

Fantasi – 2008.

Se bildet i full størrelseSe bildet i full størrelse

Romvesen møter vikinger. Er ikkje så glad i ailiens, men denne var faktisk ganske god. Søte romvesen, morsom tolking av vikingtida (med norsk flagg bl. a.) og bra action. Verdt og sjå :-) .


Category: Fantasi  Tags:  One Comment

sciencefiction – 1951

Må faktisk sei at eg likte orginalen betre enn oppfølgaren frå 2008. I orginalen skjønte eg kvifor namnet på filmen er “The Day the Earth Stood Still”. I tillegg var det fasinerande og sjå korleis dei i 1951 førestilte seg at eit avansert romskip skulle sjå ut. Veldig bra film for å vere så gamal, skjønner godt kvifor den er blitt ein klassikar.

Category: Fantasi  Tags:  Leave a Comment