Drama – 2009
Menneskene som overlevde har tatt selvmord eller sluttet seg til kannibalbander. Her og der finnes det fremdeles spredte gode mennesker, som prøver å overleve etter fattig evne. Så som en far (Mortensen) og hans sønn (Smit-McPhee), i ferd med å krysse det som er igjen av USA på vei sørover for vinteren.
Filmen bygger på Cormac McCarthy sin Pulitzer-prisvinnende bok fra 2006. Den handlar om korleis mennesket reagerar når framtidsutsiktar og overlevingsmoglegheitar er tatt bort. Kor viktig håpet vert for å kunne overleve. Den handlar og om korleis forfattaren meinar at menneske kjem til å behandlar kvarandre, når det er knappheit på ressursar.
Vi følger ein far og hans son på veg sørover, i håp om å overleve vinteren. Vi får sjå eit far/son forhold, der faren vil gjere alt for at sonen skal overleve. Samstundes får vi og eit tilbakeblikk på korleis det var for familien i byrjinga av “naturkatastrofen”, og korleis det utvikla seg.
Vi opplever korleis faren er blitt kynisk og skeptisk til alle dei møter på vegen, han er lite villig til å hjelpe andre, og han dreper der han finn det nødvendig. Imens så har sonen meir tru på mennesket, meir tru på samarbeid, på det å vere god.
Filmen er nok god, for dei som er interessert i temaet. Den kan nok gripe ein del menneske. Men som underhaldning så var den langdryg og keisam.






Eg har sjølvsagt sett filmen før, men den er likevel verdt ein omtale. Den handlar om unge Alex, ein ultravaldeleg fyr som som saman med kameratane fordriver kveldane med innbrott, vald og valdtekt. Til slutt ryker han uklår med kompissane sine, og under eit innbrott der han drep ei kvinne vert han slått ned og etterlatt av kameratane. Alex hamnar i fengsel. Her får han moglegheit til å vere med på eit eksperiment som skal gjere det umogleg for han å utføre vald. Etter fjorten dagar vert han slept ut i samfunnet igjen, men her vert han dårleg motteke av både familie, venar og gamle ofre. 










2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by