Archive for the Category »Animasjon «

11
aug
2009

Animasjon, komedie – 2009

Regi: Carlos SaldanhaMike Thurmeier

anigif

HANDLER OM: Det ustoppelige dovendyret Sid «stjeler» med seg tre store egg med håp om å bli forelder han også – som sine venner, mammutene Manny og Elly. Eggenes egentlige eier – en enorm dinosaur – liker slett ikke Sids initiativ, og tar med seg både sitt avkom og et forfjamset dovendyr til et underjordisk univers befolket av dinosaurer, kjøttetende planter og lugubre kjempeinsekter. Pluss en klin gal røyskatt med personlighetsforstyrrelser. Sid må reddes og Istid-gjengen må ut på nye, livsfarlige oppdrag. Alt mens ekornet Scrat denne gangen jager både nøtter – og damer! Henta frå VG.

Eg har eit litt spesielt forhold til Istid. I ein tidlegare jobb, så var Istid favorittfilmen til ein av bebuarane mine, og eg kan nok trygt sei at eg har sett den mellom 100 og 200 gongar. Eg bytta jobb rett etter at Istid 2 kom ut, så den har eg kun sett 3 – 4 gongar, men berre stykkvist og delt. Og no har eg altså sett Istid 3, heilt frivillig ;) Når det er sagt, så er ikkje Istid den verste filmen som ein må sjå fleire gongar.

Sjølv om det er film nr. tre, så held konseptet seg godt. Det er rikeleg med både humor og action. I tillegg har Scrat fått litt større plass i filmen, stadig jaktene på eikenøtta. Men no har han fått konkurranse av ei dame.

Eg såg den amerikanske versjonen, men sidan Istid 1  var ein av dei få filmane som faktisk vart betre når den var dubba til norsk, så vil eg nok etterkvart sjå Istid 3 igjen, men då med norsk tale ;)

Category: Animasjon, Komedie  Tags: , , , ,  Comments off