Archive for the Category »Thriller «

05
Jun
2010

miniserie – politisk thriller – 2006.

Omtale henta frå coveret:

I Florida venter en britisk soldat på å bli henrettet. I Virginia blir liket av en ung mann funnet, skutt i ansiktet på nært hold. Tre hendelser som alle viser seg å høre sammen – med spor som leder dypt inne i maktens korridorer. Sannheten om konspirasjonen kan styrte Det hvite hus.

Serien har fått gode omtalar, og det verkar som dei fleste har likt den.

Eg derimot, er litt lunken. Eg likte plottet, serien var godt utført frå byrjing til slutt. Og den kjentes aktuell, bl.a. med muslimfrykt, og kapital /økonomiske interesser i “trøblete” statar. Det var ingenting å sei på skodespelarane, og historia var truverdig.

Men, som underhaldning så vart det alt for langdrygt og keisamt. Eg sleit og med å få med meg alle karakterane og intrigane som vart presentert i byrjinga av serien, men dette kom seg heldigvis etterkvart. Dette er heller ikkje ein serie som ein kan sjå halvveis på, ein må verkeleg følge med for å forstå plotta.

Så kva vart dommen? Eg trur det går mykje på smak og behag. Serien var godt laga, ikkje tvil om det. Men eg er ikkje så interessert i filmer om storpolitikk, der ein stor del av underhaldninga ligg i diplomatiske taktikkar og finesser. Difor vart den i periodar keisam for meg.

Likevel, det er ein serie eg er glad for å ha fått med meg.

Category: Thriller  Tags:  Leave a Comment
18
Jan
2010

Norsk drama/thriller – 2008

Dette er eit klassisk plot der Jonny byrjar som seljar i eit firma, sel sjela si, så går det litt fram og tilbake, og vi lurar på om han tek sjela si tilbake (blir “god” igjen).

Filmen byrjar med at Jonny må gjere eit heller tvilsamt sal for å bevise at han høyrer til i firmaet til Sagen. Vidare må han vise at han gjer absolutt alt for å bli i jobben, noko han og gjer. Men han vert likevel dolka i ryggen av sjefen, Sagen. Samstundes får han vite at broren og Sagen er bitre uvener. Broren har jobba for Sagen tidlegare, og det viste seg at grunna dårleg arbeidsmiljø/luft, så er broren alvorleg sjuk. Dei tidlegare kollegaene hans er enten døde eller døyande. Jonny hjelper broren med å finne dokumentasjon på at Sagen visste at han dreiv ulovleg, at han visste dei tilsette pusta inn farlege gassar. Men gjer Jonny verkeleg dette for broren, eller har han eit anna motiv?

Det var litt irriterande og rotete filming til tider, med flashback som eg ikkje heilt skjønte grunnen til. Kanskje var det for å vise korleis Jonny sleit med kva han skulle velje? Det var og eit par lydspor som var lagt feil i forhold til filminga, kanskje med eit eller anna formål, utan at eg forstod noko av det.

Miljøet som filmen er lagt til verkar for meg svært kunstig og lite realistisk. Men no jobbar eg og dei fleste eg kjenner i såkalla lågtlønsyrke, så kva veit no eg.

Ellers så bygger filmen opp til noko heile vegen, for så å avbryte. Den når liksom aldri heilt opp til kva den lovar.  Men den har eit par flotte naturbilete.

Det er ikkje den verste filmen eg har sett. Den kan kanskje vere spanande i og med at den bygger opp til noko heile tida. Og den var kanskje betre enn den forrige filmen eg såg, “The Men Who Stare at Goats”.

Men……, nei, eg trur ikkje eg anbefalar denne filmen vidare. Men eg får vel nemne at eg i utgongspunktet ikkje er så glad i dramafilmer :roll:

Thriller – 2009

menn-som-hater-kvinnerEg trur eg hadde likt filmen svært godt, dersom eg ikkje hadde lest boka først. No vart den heller litt keisam, sidan filmen fulgte boka ganske tett. Eg vart  rett og slett litt skuffa.

Men når det er sagt, så veit eg ikkje heilt kva eg skal klage på heller. Skodespelarane gjorde jobben sin, plottet er bra, det skjer noko heile tida så det burde ha vore underhaldande. Men som sagt, når ein har lest boka, så fell mykje av spaningsmomenta vekk.

Eg vil likevel anbefale  filmen til folk som ikkje har lest bøkene. Historia og karakterane er knallgode.

( = underhaldningsverdi dersom ein har lest bøkene).

Category: Thriller  Tags:  Leave a Comment
18
Jun
2009

BBC tv-serie, thriller 2003

stateofplay02

Elskerinna til ein høgt ansett politikar kastar seg foran eit undergrunnstog. Ein småkriminell tenåring vert funne skoten i hovudet. Stjernereportaren Cal McCaffrey oppdagar ein link mellom dødsfalla som førar djupt inn i maktens korridorar – og ein usannsynlig konspirasjon som kan settast i samanheng med oljeindustrien.

stateofplay01

James McAvoy, Bill Nighy og Kelly McDonald (No Country for Old Men) spelar hovudrollane i denne spanande og uforutsigbare BBC-thrilleren, som er vist på NRK med gode seartal! (Direkte oversatt frå cover).

Ein spanande serie, med lun humor som har fått nattevaktene til å fly avstad  dei siste nettene. Den held spaninga frå byrjan til slutt, mange gode skodespelarar og karakterar. Historia var underhaldande og uforutsigbar, kort sagt, alt ein kan forvente av ein god film. Det var vanskeleg å ikkje setje på neste episode med ein gong. (det vart to episodar natta). BBC visar at dei framleis står for kvalitet. Absolutt å anbefale for dei som ikkje har sett den før.

Eg ser at Hollywood har hevet seg på og laga ein nyinnspeling. Kvifor det, når originalen er så god?

stateofplay03

Category: Thriller  Tags: , ,  Leave a Comment

Dansk Thriller – 2009

DVD Film: Det som ingen vetSpanande thriller om Thomas Deleuran som mister systra si i ei drukningsulykke. Det kjem fram at dødsfallet har å gjere med Thomas sin avdøde far. Thomas byrjar å forske i systra sitt liv, og grufulle detaljar dukkar opp. Snart må Thomas kjempe både for sitt eige og familiens liv.

Dersom ein klarar å sjå forbi eit par heilt klare logiske bristar, er dette ein god og vellaga thriller. Den held spaninga frå byrjing til slutt. Anbefalast!



Category: Thriller  Tags:  Leave a Comment
10
Apr
2009

Thriller – 2007

Mr. Brooks er ein velukka forretningsmann og familiemann. Han har berre ein last, han er ein seriemordar. Han utførar det han planlegger skal verte hans siste mord, desverre vert han fotografert av ein nabo under ugjerninga. Naboen ynskjer korkje pengar eller å gå til politiet, han ynskjer å få vere med på eit mord. I tillegg kan det sjå ut som dottera til Mr. Brook har arva trangen til å drepe.

Ein spanande og underhaldane thriller. Gode og kjente skodespelarar. Lite dødtid. Absolutt verdt å få med seg.

Category: Thriller  Tags: ,  Leave a Comment

Action – 2008.

xiii
USA sin første, kvinnelige president blir skutt og drept og mordet sender sjokkbølger gjennom landet. En intens jakt på gjerningsmannen settes i gang. Tre uker senere dukker en såret mann opp. Han har mistet hukommelsen og husker ikke engang sin egen identitet. Det eneste sporet han har å gå etter av romertallet XIII som han har tatovert på halsen. Etterretningstjenesten mistenker han for å være presidentens drapsmann så XIII flykter og går under jorden. Det går raskt opp for ham at han er uvanlig dyktig til å drepe og unngå farer, og innser at det kanskje er noe i etterretningstjenestens mistanker? Et nervepirrende spill er satt i gang, og ikke er bare XIII sitt liv i fare, men også fremtiden til USA står på spill. (Beskrivelse er kopiert frå Lovefilm.no). Ein heilt grei film som ein godt kan få med seg. Men det påståast at teikneserien som filmen bygger på er betre.

 

Category: Thriller  Tags: ,  Leave a Comment