Wray (Freddy Rodriguez), hennes tidligere kjæreste, står beskyttende ved hennes side. Cherry er nede for telling, men den siste dansen er definitivt ikke historie. Mens de infiserte rundt henne endres til truende og angripende zombier, danner Cherry og Wray et forsvarslag. I nattens mørke staker de ut kollisjonskursen, mot en skjebne som kan etterlate seg millioner av smittede og døde. Og noen få heldige, midt i en kamp på liv og død, på vill jakt etter en siste levelig plass på terrorens planet.
Tja, ka skal eg sei? Dette er nok først og fremst ein guttefilm. Men, når ein ser vekk frå det, så må det nemnast at filmen til tider er hysterisk morsom. Og eg må sei eg særleg digga karakterane til dei to brødrene, sheriffen og gatekjøkkeneigaren.
Som nattevaktfilm var denne heilt perfekt. Hjernedød “crazy” humor, action heile vegen og ikkje noko historie ein trengte å følgje med på.
Liker du denne genren, så er filmen absolutt å anbefale.
“In February 2007, ten people went to the remote mountains of Northern California to shoot an adult movie. What happened next was something no one expected, but everyone saw coming.”
Eehh, eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om denne. Det er underbuksehumor i ein verkeleg lågbudskjettfilm, og kor bra kan det bli?
Vel, eg lo no skikkeleg ein del gonger, og kollegaen min digga filmen. Men om den er bra, det greier eg rett og slett ikkje å bedømme. Du må nok sjå den sjølv
Det burde kanskje heite “visst film kunne drepe”, i staden for “visst blikk kunne drepe”… Neidå, den var ikkje så ille. Det er berre det at eg får ein kjensle av at boka er verdt å lese, men filmen drepte historia heilt.
Plot.
Ein journalist, Bob, innser at han må gjere noko med livet etter at ein kollega døyr og kona går frå han. Han drar då til Irak for å prøve å finne den beste historien, primært for å få kona tilbake. Her vert han kjent med Jedi soldaten Lyn, og ein ny verden åpner seg.
Filmen vekslar med å vise Lyn og Bobs reise i dagens Irak, og underlege, millitære eksperimenter frå 1980 talet, eksperimenter som bl. a. omhandlar tankekontroll, synskhet, stirre geiter til døde og andre rare påfunn. Samt at filmen prøver å vise filosofien som låg til grunn for desse eksperimenta og korleis og kvifor filosofien endra seg etterkvart.
Så kvifor vart filmen så utroleg keisam og lite fengane? George Clooney gjer ein kjempejobb i rolla til Lyn, og det er fleire andre knallgode karakterar der. Det ligger ein lun humor i sjølve filmen, men den er for lågmelt til den greier å trekker filmen opp. Det er ein del hysterisk morosame scener, men det vert for langt mellom dei, og dei fleste er allereide vist i traileren. Dei to ulike historiene fungerar ikkje som dei skal saman. Fortellermessig vart filmen berre langtekkeleg. Filmen vart korkje fisk eller kanari, eg er einig med Dagbladet som skriv at den flyt for mykje ut.
Komedien er basert Toby Young si sjølv- biografiske og sjølvironiske bok. Det handlar om ein engelsk journalist som manglar ein del når det kjem til god smak og dømmekraft. Han får prøve seg i eit fasjonabelt magasin i New York. Filmen startar sterkt, men dabber av etter kvart. Sånn midt på treet komedie.
Hysterisk morsom film med masse underbuksehumor. Filmen handlar om den israelske elitesoldaten som faker sin eigen død for å oppfylle sin draum om å verte frisør / stylist i New York. Han har sin heilt eigen stil og metoder, noko som gjer han til ein stjerne på frisørsalongen. Dessverre vert han gjenkjent av nokre terrorister som tror at Zohan jobber undercover.
Vi møter to gutar frå to heilt forskjellige miljø. Den eine guten, Will, er frå ein familie som er sterkt religiøse og som har forbod mot tv, musikk, vener som kan gje uheldig påverknad osb. Den andre guten er Lee Carter, som har absolutt ingen reglar å forholde seg til. Desse møtast på gongen når dei begge er utvist frå klasseromma sine. Saman finn dei ut at dei skal lage film, “Son of Rambow”. Målet er å vinne ein filmkonkurranse på BBC. I tillegg skaper ein fransk utvekslingselev furore.
Dette er ein herleg, søt og morsom film om venskap, savn og kulturkollisjon. Bør sjåast!!