Archive for the Category »Mine bilete:) «

04
Aug
2010

Det er ei stund sida eg har skrive i bloggen, eg har hatt fullstendig skrivevegring. Ikkje fordet, det er lite sannsynleg at verda har gått glipp av noko :lol: Ikkje har det skjedd noko særleg i det siste heller.

Feriepengene er brukt opp, og eg kjøpte meg kameraet som eg skreiv om tidlegare, nemleg  i Panasonic Lumix DMC TZ10, berre  svart. Eg er strålande nøgd med kameraet, det har ein fantastisk zoom. Det eg ikkje heilt får til med det, er nærbilete av blomar, innsekt osb. Det nektar å fokusere på det. (Kanskje kameraet har betre smak enn meg?) .

Men, dessverre så passa ikkje den minste fotoveska frå Acme Made til Lumixen. Men eg skal nok alltid finne bruk for den.

Den største veska til Acme Made, passa perfekt til speilrefleksen, og den er faktisk endå finare i røynda, enn på biletet. Den har gode bærehandtak, og det er ingen problem å ta den med på tur.Eg er veldig nøgd med det kjøpet.( He, he, det får vere nok reklame for acme made).

Elles har eg nettopp vore ein tur til Bremanger og Florø. Så då fekk eg brukt kameraet litt.

Eg har vore tre gongar på Brandsøyåsen, og trudd eg skulle døy av anstrengelse kvar gong. Formen har tydelegvis dalt ein del i dei siste åra. Så no er det trening som gjeld.

Utsikt frå Brandsøyåsen

Elles så vart eg lurt med opp på fjellet i Bremanger. Eg trur ikkje dei gjer det fleire gongar, for med meg gjekk det seint. Eg likar godt å gå tur, gjerne på fjell, men det må vere VEG!

Her er utsikta frå Strusnipa i Bremanger.

Eg var så trøytt at eg ikkje orka å ta bilete på veg oppover. Vi var ein tur oppom Førsnipa og.

Men elles så var det koseleg å vere i Bremanger igjen. Det er vel to år sidan sist. Og lillesøster og eg vart kjempegodt tatt imot av tAnta (Nina) og Frank.

Og så var det tilbake til Florø, og ei lita tur ned på båthavna der.

Det var det eg rakk på miniferien min. Den varte frå torsdag 22 juli til mandag 26. juli, men eg var no heldig med veret :-)

No har det vore tilbake til jobb ei stund, før eg har ny miniferie frå neste helg av…

Eg prøvar, utan hell, å få tatt eit bilete av ein mår som tusler rundt huset på Fanafjellet. I staden vart det ein frosk som fekk gjennomgå forrige natt.

Stakkars liten, den hadde ikkje lært seg å sitte stille når den værte fare, så det var ikkje lett å få tatt bilete av den. (Eg har sett ein del froskar i artige posisjonar, når dei prøver å gjere seg usynleg ved å stå heilt stille). I tillegg var det mørkt, så eg fekk mange bilete av steinhellar utan frosk.

Det ser ut som den har ein fyrstikk sittande fast på ryggen. Eg lurar litt på korleis det gjekk til, og kvifor fyrstikken sit fast. Har det noko å gjere med skinnet til froskar?

Category: Mine bilete:)  Tags:  Leave a Comment

Det vert ikkje så mykje ferie på meg i sommar, så difor må eg finne noko anna å bruke pengane på. Ikkje fordet, eg har aldri hatt problem med å bruke pengar. Det er verre å få dei inn :-P

Vel, her er noko av det eg har tenkt at feriepengane skal gå til B-)

Ynskjeliste!

Nr 1 på lista er denne stilige kameraveska til speilrefleksen. Eg var eigentleg på jakt etter ei meir diskre veske, men etter at eg såg denne, så har eg lagt dei planane på hylla. Who can blame me :-?? Eg fann den på Pr foto.no. Ikkje var den så dyr heller, berre kr. 276 (u/mva). Men ein må jo sjølvsagt og ha tilbehør til bagen. Eller rettare sagt, eit matchande etui til kompaktkameraet.

Og då kjem vi til nr. 2 på lista.

Denne fann eg på same plassen. Kostar kr. 92 (u/mva)






Men så kjem det som er litt verre/dyrare.

Kompaktkameraet mitt har gått fullstendig i oppløysing. Og eg må jo ha eit kamera til å legge i etuiet, elles er det jo lite vits i å kjøpe det :roll:

Og så kan det jo vere greit å ha eit kamera i tillegg til speilrefleksen. Eg er kjempeglad i kameraet mitt, men det er litt for stort til å ha med seg overalt. Og dei beste bileta er faktisk dei du tar, ikkje dei du kunne ha tatt.

(He, he. Då har eg overbevist meg sjølv, det er berre å gå igong med å handle).

Så her er nr. 3 på lista. Eit kompaktkamera som det går an å ta med seg overalt.

Førebels er det dette kameraet eg liker best. Men det kan fort endre seg. Må lese litt fleire testar først.

Panasonic Lumix DMC TZ10 raudt


Eg måtte sjølvsagt falle for eit av dei dyraste kameraene i klassen, litt over kr. 3000. Men med ultrazoom, gode biletresultat, og svært gode omtalar, så trur eg faktisk at dette kameraet er vel verdt pengane. Og er eg heldig, så har det kanskje blitt litt billegare når eg har råd til å kjøpe det.

Og når eg har handla inn alt dette, ja då må eg jo nesten ta meg litt ferie, slik at eg kan få tatt nokre spanande bilete…..  Hmm. Eg har jo friperiodane mine, eg må berre hugse å sei nei til ekstravakter :roll:

Ein ekstratur til Florø, hadde jo vore kjekt :-bd

22
May
2010

Hmmm, eg skulle kanskje ha korrigert for raude auge :roll:

Category: Mine bilete:)  Tags:  Leave a Comment

…. så får vi håpe at det kjem inn litt penger :-)

Men noko særleg energi til å blogge, det har eg ikkje for tida.

God morgon, frå Fanafjellet…

Her er det framleis nattefrost…

Men det er heldigvis ikkje så gale som for to veker sidan…

(Det er omtrent like kaldt inne, etter at nokon fann ut at dei skulle senke temperaturen på natt :-? . (Utfrysing av nattevakter?))

Eller for ei veke sida… (biletet er tatt i Vestre)

Kollega Truls jobber hardt :-)

Og så har vi eit uklart bilete av ein liten ein som ville på besøk i går tidleg.

Det er eit rikt dyreliv her oppe på Fanafjellet, med både hjort, rev, frosk, mus, hoggorm, noko mår/røyskattliknande greie, samt at eg trur faktisk eg såg ein hare her oppe og. Men den forsvann så fort at eg ikkje var heilt sikker.

Category: Mine bilete:)  Tags: ,  Leave a Comment
07
Feb
2010

Og der titta sola inn i leiligheita mi igjen, i ein halv time, etter å ha vore borte i eit par månadar. Den har ikkje kome seg heilt over tretoppane endå, men den kom seg no over åsen >:D< .

Biletet er tatt med mobilkameraet mitt, med laaang eksponeringstid og ikkje noko stativ. Synast likevel det vart eit bra resultat for eit mobilkamera….

Category: Mine bilete:)  Tags:  Leave a Comment