…. Ja, takk, begge delar, meinar eg
Nettavisen melder at FRP meinar at vi må ha meir matte og mindre musikk i skulen.

Det vart gjort ei undersøking i Finland, der dei samanlikna elevane sine kunnskapar i basisfag. Det var tre grupper.
- Ei gruppe som hadde idrett og basisfag,
- ei gruppe som hadde kreative fag og basisfag,
- og ei siste gruppe som berre hadde basisfag.
Den gruppa som hadde kreative fag, i tillegg til basisfaga gjorde det klart best i… ja, nettopp… basisfaga.
Dette kan forklarast med at ved å lære seg andre ting enn berre basisfag, så får ein eit større repertoar som ein kan bruke til problemløysing, (t.d. innan matematikk). Ein kan og visualisere ting lettare, samt at hjernen vert stimulert på ein annan (meir effektiv?) måte.
Eg kan dessverre ikkje finne kjelder til dette, dette var noko eg hadde om i førskulelærarutdanninga mi, her er det næraste eg fann i farta.
Eg håpar verkeleg at det er fagfolk som får siste ord om korleis skulen skal vere, og ikkje politikarar og andre maktfolk som synsar på svært tynt grunnlag.














2010 - Mitt lille webunivers :-) is proudly powered by